Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Ål · Saker

Søknad om samskaping - Tid stiftelsen

Sak 158/2023 · Kommunestyret 21. desember 2023 · Behandlet

Vedtak

Kommunestyret vidarefører praksisførebuande løp som eit samrbeid mellom Ål Introsenter og Stiftelsen TID i 2024, med eit tilskot kr. 600.000 til Stiftelsen TID i 2024, allereie innarbeidd i budsjettframlegg -2, finansiert ved integreringstilskot.

Kommunestyret ber rådmannen undersøkje om ein må ha denne type samarbeid ut på anbod frå 2025. Viss ikkje ber kommunestyret rådmannen om å utforme og signere ein intensjonsavtale for åra 2025 og 2026.

Kommuniestyret ber admnistrasjonen vurdere samarbeid ift språkopplæring innanfor helse- og sosialsektoren, etter utprøving prosjekt språkopplæring i regi av Ål Introsenter og helse- og omsorgssektoren.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 158/2023 i møte den 21.12.2023

Det låg føre følgjande innstilling frå formannskapet:

Kommunestyret vidarefører praksisførebuande løp som eit samrbeid mellom Ål Introsenter og Stiftelsen TID i 2024, med eit tilskot kr. 600.000 til Stiftelsen TID i 2024, allereie innarbeidd i budsjettframlegg -2, finansiert ved integreringstilskot.

Kommunestyret ber rådmannen undersøkje om ein må ha denne type samarbeid ut på anbod frå 2025. Viss ikkje ber kommunestyret rådmannen om å utforme og signere ein intensjonsavtale for åra 2025 og 2026.

Kommunestyret ber administrasjonen vurdere samarbeid ift språkopplæring innanfor helse- og sosialsektoren, etter utprøving prosjekt språkopplæring i regi av Ål Introsenter og helse- og omsorgssektoren. -----------------

• Ingunn Solberg Skalle (Ap) er dagleg leiar for Tid kafé og landhandel AS, og gjekk frå som inhabil med heimel i forvaltningslova §6 e). Svein-Erik Koester (Ap) tok plass i hennar stad.

• Tore Arnegard (Sp) er styremedlem i Tid Stiftelsen og gjekk frå som inhabil med heimel i forvaltningslova §6 e). Knut Arne Svarteberg (Sp) tok plass i hans stad. 25 representantar behandla saka.

Ordførar Solveig Vestenfor (Ap) innleia om saka.

Det var ingen nye framlegg.

Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteken.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.