Busetting av flyktningar 2024
Vedtak
1. Ål kommune vedtek å busette 30 flyktningar i 2024 - i tillegg kjem familiegjenforening. Viss akuttmottaka i kommunen blir lagt ned i løpet av året kan det gjerast ei ny vurdering av kapasiteten.
2. Rådmann får fullmakt til å opprette nødvendige stillingsheimlar i dei aktuelle tenestene.
3. Rådmann får fullmakt til å gjere naudsynte bygningsmessige justeringar og til å etablere eit mellombels tilbod om behovet tilseier det.
4. Alle kommunale sektorar bør vere budd på å stille med språkpraksisplassar.
5. Meirutgifter blir dekt av integreringstilskot og av særtilskot. Om det vert naudsynt blir ekstrautgifter dekt frå disposisjonsfond. Ein vil laga eigen sak om dette vert naudsynt.
6. Ål kommune vil arbeide aktivt med å skaffe bustader for busetting.
7. Kommunestyret forstår at andre oppgåver kan bli prioritert ned for at ein kan ta i mot og busette flyktningar.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 159/2023 i møte den 21.12.2023
Ordførar Solveig Vestenfor (Ap) orienterte om saka. Det var ingen nye framlegg.
Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteken.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.