Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Ål · Saker

KS Debatthefte 2024 - Rom for gode tenester

Sak 3/2024 · Kommunestyret 18. januar 2024 · Behandlet

Vedtak

Ål kommune har drøfta KS debatthefte og gir følgande innspel:

1.Kva løns- og arbeidsvilkår er viktig å ivareta og/eller prioritere ved hovudtariffoppgjeret 2024?:

Arbeidstakarane må sikrast ei reallønsauke i 2024. Innføring av eit ekstra ansiennitetsløft (rekrutteringstiltak) i kapittel 4 mellom 10 og 16 år, dvs. eit opprykk etter til dømes 13 års teneste. Dette er ei gruppe som er etablert og som ikkje oppnår vidare ansiennitetsløft i tidsrommet mellom 10 – 16 år teneste. Vurdere ekstra løft i forhold til arbeidstakergrupper som er kravande å rekruttere.

2.Bør KS ha mål om at Hovudtariffavtalen gir kommunen/fylkeskommunen større handlingsrom for eigen lønspolitikk?

Handlingsrommet for eigen lønspolitikk bør være slik som det er i dag. Det bør leggast til rette for at HTA kapittel 4 der det er store rekrutteringsutfordringar, ikkje vert liggande etter kapittel 5-gruppene i forhold til liknande kompetansestillingar. 3.Kva bør KS gjere for å skaffe kommunen/fylkeskommunen større handlingsrom for å etablere og fastsette arbeidstidsordningar som aukar heiltidsandelen?

Kommunane bør få større handlingsrom og fleksibilitet for å tilpasse ulike arbeidstidsordningar etter avtale med lokale organisasjonar. Tilsetting i 100%-stillingar bør være ein hovudregel. Det bør bli enklare å legge til rette for moglegheiter for lengre vakter for dei som ønskjer det, td. 12 ½ t. vakter i helg med arbeid kvar fjerde helg. Ein bør ha moglegheit for å tilrettelegging for andre turnus- og arbeidstidsordningar som gjer at ein beheld dei tilsette.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 3/2024 i møte den 18.01.2024

Ordførar Solveig Vestenfor (Ap) innleia om saka.

HR-sjef Trond Augunset orienterte om status og tidslinje for arbeidet med personal og lønspolitikk i kommunen.

Framlegg frå Solveig Løkensgard Arnegard (Sp) til slike endringar i punkt 3 i formannskapet si innstilling:

a) Endre ordet organisasjonar i første setning til fagorganisasjonar.

b) Erstatte andre setning slik: Arbeidstakarane bør få tilbod om den stillingsstorleiken kvar einskild ynskjer.

c) Ordlyd for resten av punktet:

Det bør bli enklare å legge til rette for moglegheiter for andre vaktordningar for dei som ønskjer det, td. langvakter og samla arbeids- og friperiodar. Ein bør ha større moglegheit for å tilpasse turnus- og

arbeidstidsordningar med mål om å behalde dei tilsette og få fleire tilsette i høgare stillingsprosent.

Punkt 1 og 2 i formannskapet si innstilling vart samrøystes vedtekne.

Votering over framlegget frå Solveig Løkensgard Arnegard (Sp) til endringar i punkt 3:

a) Framlegget fekk 7 røyster (6Sp, 1SV) og fall mot 18 røyster for formannskapet si innstilling.

b) Framlegget fekk 5 røyster (5Sp) og fall mot 20 røyster for formannskapet si innstilling. (Ola Terje Oleivsgard (Sp) røysta mot).

c) Framlegget fekk 8 røyster (5Sp, 1V, 2Ap) og fall mot 17 røyster for formannskapet si innstilling. (Ola Terje Oleivsgard (Sp) røysta mot, Solveig Vestenfor (Ap) og Anne Kari Kind (Ap) røysta for)

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.