Eigarskapskontroll Ål kommune
Vedtak
Kommunestyret tek eigarskapskontrollen til etterretning. Rapporten er eit godt grunnlag for Ål kommune til å styrke og forbetre eigarskapsmeldinga og eigarskapsstyringa.
Kommunestyret ber rådmann utbetre dei fem punkta i rapporten (1.3, 2.1, 2.2, 3.1 og 3.3), slik at desse tilfredsstiller dei krav til etterleving som rapporten gjer greie for. Kommunestyret ber ordførar ta kommunal eigarstyring inn som eit punkt i politikaropplæringa til våren 2024.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 104/2023 i møte den 15.11.2023
Saksordførar Torhild Helling Bergaplass (H). Framlegg frå Jan Egil Grue (Ap):
Tidspunktet for politikaropplæring innan kommunal eigarstyring vert utsett til våren 2024. Framlegg frå Ivar M. Brevik (Sp) om slik innleiing av vedtaket:
Kommunestyret tek eigarskapskontrollen til etterretning.
Innstillinga frå formannskapet vart samrøystes vedteken, med endringsframlegga frå Jan Egil Grue (Ap) og Ivar M. Brevik (Sp).
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.