Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Ål · Saker

Oppvekst 2030 høyringssvar

Sak 102/2023 · Kommunestyret 15. november 2023 · Behandlet

Vedtak

Kommunestyret ber administrasjonen jobbe vidare med innspela frå arbeidet vist til i rapporten «Oppvekstsektoren i Ål fram mot 2030» og høyringsinnspela som har kome til, og legge saka fram for Suko på nytt våren 2024.

Mål og plan for arbeidet med leik og læring, sosial meistring, fagleg utvikling, best nytting av ressursar og organisering, og korleis ein kan nytte fagkompetansen og hjelpeinstansane optimalt i oppvekstsektoren må konkretiserast.

Ein langsiktig plan for skulestruktur skal konkretisere behov og moglegheiter i eksisterande bygningsmasse, og eventuelle behov for tilbygg/ nybygg. Planen skal inkludere:

• tilgang til alternative læringsarenaer

• auka fokus på praktisk læring både inne og ute

• SFO-tilbod

• skulebibliotek

• tilbod til framandspråklege elevar

• Arbeidsplass for personalet

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 102/2023 i møte den 15.11.2023

Saksordførar Anders Lunden Herfoss (Sp).

Framlegg frå ordførar Solveig Vestenfor (Ap) om å stryke orda "på sentrumsskulane" i tredje kulepunkt i formannskapet si innstilling.

Formannskapet si innstilling vart samrøystes vedteken, med framlegget frå ordførar Solveig Vestenfor (Ap) til endring i tredje kulepunkt.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.