Vedtak - Detaljregulering Rosengardshovda Sør, planID 2021001
Vedtak
Ål kommunestyre vedtek med heimel i plan- og bygningslovas §§ 12-12 og 12-14 Detaljregulering Rosengardshovda Sør, planID 2021001 med tilhøyrande føresegner og revidert utbyggingsavtale.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 107/2023 i møte den 15.11.2023
• Knut Einar Haug (H) gjekk frå som inhabil med heimel i Forvaltningslova §6 b). Frøydis Halleseth Øygard (H) tok plass i hans stad.
• Tor Olav Tveito (H) gjekk frå som inhabil med heimel i Forvaltningslova §6 a). Kolbjørn Opheimsjorde (H) tok plass i hans stad. 25 representantar behandla saka.
Saksordførar Hedvik Johanne Rud (Ap).
Framlegg frå Marit Sehl (SV):
Ål kommunestyre vedtek å stoppe planarbeidet for Detaljregulering Rosengardshovda Sør, for å ta på alvor det viktige oppdraget Ål kommune har med å verne urørt natur mot nedbygging.
Framlegget om å stoppe planarbeidet vart debattert og røysta over før framlegget om å vedta planen vart teke opp til behandling.
Framlegget frå Marit Sehl (SV) om å stoppe planarbeidet fekk 2 røyster (1SV, 1V) og fall.
Framlegget frå sektorutval for teknisk, næring og ressurs i møte 01.06.23, sak 56/23 vart deretter vedteke med 23 mot 2 røyster (1SV, 1V).
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.