Alkoholpolitiske retningsliner for Hemsedal kommune 2024-2028
Vedtak
Alkoholpolitiske retningsliner, som vedteke i Hovudutval for Livsløp 11.04.24, er vidareført med følgjande endringar:
Uteservering:
Uteserveringa startar klokka 11.00 for gruppe 1 og 2. Utandørs skjenketid:
Perioden 1. november – 31. mai:
Gruppe 1 og 2: 11. – 23.00 Gruppe 3: 13.00 – 23.00 Perioden 1. juni til 31. oktober:
Gruppe 1 og 2: 11.00 – 03.00 Gruppe 3: 13.00 – 03.00
Ambulerande skjenkeløyve:
Det vert ikkje innvilga ambulerande skjenkeløyve for sports- og handelsbutikkar. Sikkerheitsplan ved store arrangement Krav om utarbeiding av sikkerheitsplan og innsending av plan til kommune og andre instansar ved store arrangement. Nytte mal frå Miljøretta helsevern samt vegleder for sikkerheit ved store arrangement utarbeida av DSB. Spesielle kriteria for uteservering Endring i punkt om uteservering, og legge til punktliste fra saksopplysningene:
Støy: Uteserveringa skal ikkje produsere overdriven støy som kan forstyrre naboar. Dette inkluderer musikk, høgtalerbruk og generell prat Reinhald: Området rundt uteserveringa skal haldas reint og ryddig. Søppel skal ikkje ligge og flyte, og avfallshandtering skal vera godt organisert. Plassering: Møbler og anna utstyr skal plasserast slik at de ikkje hindrar fri ferdsel på fortau eller offentlege vegar. Det skal vera tilstrekkeleg plass for fotgjengarar og eventuell trafikk. Lukt: Eventuelle matlukter frå uteserveringa skal ikkje vera sjenerande for naboar eller forbipasserande. Dette kan inkludere bruk av ventilasjon og plassering av kjøkken eller griller. Sikkerheit: Uteserveringa skal ikkje utgjere noko sikkerheitsrisiko for dei som nyttar området eller for dei som går forbi. Dette inkludera riktig plassering av møbel og eventuelle avsperringar. Estetikk: Uteserveringa bør vera estetisk tiltalande og i tråd med områdets karakter. Dette kan bety at møbler og dekorasjonar skal være i god stand og passe inn i den lokale stilen. Røyking: Om det er tillate med røyking, skal det vera tilrettelagt for dette på ein måte som ikkje plager ikkje-røykarar. Lysforureining: Belysning frå uteserveringa skal ikkje vera til sjenanse for naboar eller trafikantar. Dette inkluderer både intensitet og retning på lysa. Ved å følge disse prinsippa kan ein uteservering bidra til eit hyggeleg og velfungerande miljø utan å skape problem for omgjevnadane.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 61/2024 i møte den 19.06.2024 :
Richard Taraldsen (H) stilte spørsmål om sin habilitet da han er daglig leder i HTTL som har sendt inn høringssvar i saken. Taraldsen trådde fra under habilitetsvurderingen. Kommunestyret fant Taraldsen inhabil, jf. Forvaltningsloven § 6, enstemmig. Marit Jorde møtte som vararepresentant for Høyre.
Forslag fra Ingar Nergård (KrF):
Nytt avsnitt under punkt 3, etter avsnittet med skjenketider for utandørs servering:
For utandørs skjenkeområde som ligg der små born ofte ferdast utan følgje av vaksne, som til dømes i område for born i skisenteret, nær leikeplassar og parkar og langs veg der born går til skulen, startar skjenketida i gruppe 3 kl 16.00. Det kan likevel tillatast at skjenketida følgjer hovudregelen dersom serveringsområdet er skjerma mot innsyn.
Forslag fra Janne Brøndbo (A):
Pkt 7.1 -Antall skjenkekontroller pr skjenkeløyve skal øke fra i dag 4 kontroller pr løyve til 6 kontroller pr løyve, og kontrollene skal målrettes. Minst fire av disse kontrollene skal utøves i perioden 1.desember til 1.mai
Nils Erik Finset (Sp) ba om gruppemøte før votering i saken. Møte tok pause fra 18:45 til 18:55.
Det vart votert over forslaget fra KrF. Forslaget fikk 1 stemme (KrF) og falt.
Det vart votert over forslaget fra A. Forslaget fikk 5 stemmer ( KrF x 1, A x 2, FrP x 2) og falt. Det vart votert over kommunedirektørens innstilling til kommunestyret. Innstilling vedtatt. Enstemmig.
Voteringer
- ForslagetFalt
1 for · 0 mot · enstemmig
- ForslagetFalt
5 for · 0 mot · enstemmig
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.