Kommunale vigslar - retningsliner
Vedtak
Reglement for vigslar vert vedteke med dei endringar som er i samsvar med vedtak frå sak 156/2023 Handlingsprogram og økonomiplan, samt at vigselsmynde vert gjeve til ordførar, varaordførar samt faste formannskapsmedlemmar. Med følgjande tillegg/endringar:
Ordføreren har godtgjørelse for dette innbakt i sin lønn, difor skal inntekter som kjem inn når ordfører sjølv utfører vigslar, settas inn på eit gåvefond.
Pkt 4 Tidspunkt for vigsler, tas ut av reglementet
Endring i betalingssatsar:
Vigsel der brureparet er busette i andre kommunar enn Hemsedal kommune:
• Kr. 2000 NOK for seremoni i kommunens normale opningstider på kommunehuset i Hemsedal.
• Kr 5000 NOK for seremoni utanom normale opningstider og på anna vigselstad enn på kommunehuset i Hemsedal.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 6/2024 i møte den 31.01.2024 :
Monika Randar (Sp) fremma forslag om endring i vedtak:
Vigsel der brureparet er busette i andre kommunar enn Hemsedal kommune:
• Kr. 2000 NOK for seremoni i standard vigseltidspunkt på kommunehuset i Hemsedal.
• Kr 5000 NOK for seremoni utanom standard vigseltidspunkt og på anna vigselstad enn på kommunehuset i Hemsedal.
Janne Brøndbo (A) fremma forslag om endring i vedtak:
Pkt 4 Tidspunkt for vigsler, tas ut av reglementet
Jan Egil Halbjørhus (H) fremma forslag om endring i vedtak:
Senterpartiets forslag til satser i ordinær arbeidstid. Kommunedirektørens forslag til satser utenom arbeidstid og helg.
Det vart votert over hovudutval for Livsløp sitt tillegg til kommunedirektørens innstilling. Livsløp sitt tillegg vart vedteke med 16 mot 1 (H) røyster. Det vart votert over framlegg frå Arbeiderpartiet om å fjerne pkt. 4. Framlegget vart vedteke. Samrøystes. Det vart votert over kommunedirektørens framlegg til betalingssatsar, om dei skulle vedtakast uendra. Kommunedirektørens sitt fram legg til satsar vart ikkje vedteke. Samrøystes. Framlegg til betalingssatsar frå Senterpartiet vart sett opp mot framlegg frå Høgre, og det vart votert. Framlegg frå Sp vedteke med 12 (Hx1, FrPx1, Ax2, SVx2, Spx5, KrFx1) mot 5 (Hx3, FrPx1, Spx1) røyster
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.