Oppmoding om busetjing av flyktningar i 2024 i Hemsedal kommune
Vedtak
Hemsedal kommune tek imot 20 flyktningar for 2024. Familiegjenforeining kjem i tillegg. Spørsmål 4 frå IMDI: Hemsedal kommune har ikkje kapasitet til å ta imot einslege mindreårige utan reisefølgje, eller andre flyktningar om behovet aukar ytterlegare, utan ein ny gjennomgang av kapasiteten til tenestene. Spørsmål 5 frå IMDI: For å oppretthalde høg kapasitet for busetjing treng vi bustader og tilgang til arbeidsplassar. Vi treng også å byggje ut fleire avdelingar i barnehagen. Det er behov for auka kapasitet i helse og førebyggande tenester, dette gjeld innan fagområde psykisk helse og i tenester til barn og unge. Hemsedal kommune ynskjer å ta godt vare på og behalde flyktningar gjennom aktiv og nær integregringsteneste.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 152/2023 i møte den 20.12.2023 :
Janne Brøndbo (A) reiste spørsmål om sin habilitet i saken siden ho er avdelingsleiar i NAV og vedtaket i sak vil ha direkte påverknad på hennar arbeidskvardag. Brøndbo trådde frå møtet under habilitetsvurderinga. Kommunestyret fann Brøndbo inhabil, samrøystes. Saka ble behandla med 16 representantar til stades.
Framlegg frå Ingar Nergård (KrF):
Ordlyden i det omforeinte tillegget frå hovudutval for Livsløp endrast til:
Hemsedal kommune ynskjer å ta godt vare på og behalde flyktningar gjennom aktiv og nær integregringsteneste.
Innstilling, med framlegg frå KrF om endring i ordlyd, vedteke
Samrøystes
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.