Fordeling av aksjegevinst - Strupa-Gravset Hyttefelt AS - Næringsfond
Vedtak
Utbetalt aksjegevinst (utbytte/ sal av aksjer) frå Strupa Gravset Hyttefelt AS til Hemsedal kommune vert innarbeida etterfølgende budsjettår og tilført næringsfonda etter følgende fordeling;
1. 70 % av midlane kvart budsjettår vert lagt til ordninga «Tilskot Ymse Jord og skogbruksformål»
2. 30 % av midlane kvart budsjettår vert lagt til ordninga «Næringsfondet». Ubrukte midlar eit år vert lagt til neste års ramme.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 132/2023 i møte den 08.11.2023 :
Ordlyden i pkt. 2 i vedtaket skal vere:
30 % av midlane kvart budsjettår vert lagt til ordninga «Næringsfondet» (ikkje «Andre Næring»).
Framlegg frå Ap v/ Olav Syversbråten:
Hemsedal kommune oppretter et bassengfond. Framtidige «ekstrainntekter» som det ikke er tatt høyder for i budsjett/økonomiplan, skal vurderes overført helt eller delvis til dette fondet.
Utbetalt aksjegevinst (utbytte/ sal av aksjer) frå Strupa Gravset Hyttefelt AS til Hemsedal kommune overføres årlig og i sin helhet til bassengfondet.
Framlegg frå FrP v/Tore Flaget:
Punkt 2: 30 % av midlane kvart budsjettår vert lagt til ordninga «Næringsfondet» skal i staden gå til bassengfond
Framlegg frå Sp v/ Petter Brennhovd:
Framlegg om å fjerne tillegget i Plan og Ressurs si innstilling og bare vedta formannskapet si innstilling.
Det vart votert over framlegg frå Ap. Framlegget fekk 2 røyster (Ax2) og fall
Det vart over FrP sitt framlegg. Framlegget fekk 4 røyster (Apx2, FrPx2) og fall
Det vart votert over Plan og Ressurs si innstilling med tillegg til Formannskapet si innstilling. Framlegget fekk 4 røyster (Hx4) og fall
Det vart votert over formannskapet si innstilling til vedtak til kommunestyret og den vart vedteke. Samrøystes
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.