Etablering og finansiering av personalbase ved Furuvegen 13
Vedtak
1. Gol kommunestyre vedtek å etablere ein separat personalbase ved Furuvegen 13. Formålet er å frigjere leilegheita som i dag blir nytta som personalbase, slik at alle dei åtte leilegheitene kan nyttast til bustadformål.
2. Det blir løyvd ei brutto investeringsramme på kr 3 000 000 inkl. meirverdiavgift. Investeringsbudsjettet for 2026 blir regulert tilsvarande. Investeringa blir finansiert med kr 600 000 i meirverdiavgiftskompensasjon og kr 2 400 000 i lånefinansiering.
3. Kommunestyret godkjenner lånefinansiering på kr 2 400 000 til prosjektet. Det blir ikkje lagt opp til avdragsfri periode. Lånet blir teke opp ved behov i løpet av året, i samsvar med framdrifta i investeringsprosjektet. Kommunedirektøren får fullmakt til å gjennomføre låneopptaket og godkjenne lånevilkåra innanfor vedteken låneramme og gjeldande finansreglement.
4. Kommunedirektøren får fullmakt til å gjennomføre prosjektet innanfor vedteken brutto investeringsramme. Før kontrakt blir inngått, skal funksjonskrav, arbeidsmiljø, tryggleik, byggjesak, teknisk gjennomføring og overgang til drift vere avklart. Anskaffingane skal gjennomførast i samsvar med gjeldande regelverk og på grunnlag av den samla estimerte prosjektverdien. Dersom prosjektet ikkje kan gjennomførast innanfor vedteken ramme, skal saka leggjast fram for kommunestyret på nytt før kontrakt blir inngått.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 43/2026 i møte den 08.09.2026
Saksordførar: Tom Rune Skredderberget Blakkestad. Ingen hadde ordet. Samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.