Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Gol · Saker

Ny brannstasjon i Gol - finansiering

Sak 31/2026 · Kommunestyret 16. juni 2026 · Behandlet

Vedtak

1.Gol kommune tilfører Gol kommunale eigedomar AS (GKE) eller eit heileigd dotterselskap av dette, ein eigenkapital på 7,96 mill.kr. som følgje av kapitalutviding i selskapet. Kapitalutvidinga er knytt til kostnadar med etablering av ny brannstasjon i Gol. Midlane blir finansiert av kommunens ubundne investeringsfond. Kommunedirektøren får fullmakt til å inngå avtale med GKE om leige av lokale for brann og redningstenesta avgrensa opp til 3,6 mill. kr per år. Leigekostnadane blir lagt inn i budsjett 2027 med tilhøyrande økonomiplan.

2. Sjølvskyldnarkausjon Kommunalbanken. 1.Gol kommune garantera med sjølvskyldnarkausjon for lån som Gol kommunale eigedomar AS tek opp til realisering av ny brannstasjon i Gol. 2.Kausjonen gjeld for lånets hovudstol maks. 32 millionar kroner med tillegg av 10 % av til ein kvar tid gjeldande hovudstol til dekning av eventuelle påløpte renter og kostnadar. Det maksimale beløpet som det kausjonerast for er 32 millionar kroner med tillegg av 10 % som reduserast i takt med nedbetalinga på lånet. 3.Kausjonsansvaret gjeld frå 01.07.26 og opphøyrer 01.07.56 med tillegg av 2 år. 4.Garantien skal godkjennast av Statsforvaltaren etter kommunelova §14-19, og garantien er ikkje lovleg utan slik godkjenning.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 31/2026 i møte den 16.06.2026

Saksordførar: Tom Rune Skredderberget Blakkestad. Martha Nistad (AP) er gift med leverandør av underentreprise og ba kommunestyret ta stilling til sin habilitet. Kommunestyret vedtok samrøystes.at Martha Nistad var inhabil og ho trådte ifrå. Torill Stolt (AP) møtte som vara. Vilde Nistad Strandos (AP) er dotter til leverandør av underentreprise og ba kommunestyret ta stilling til sin habilitet. Kommunestyret vedtok samrøystes at Vilde Nistad Strandos var inhabil og ho trådte ifrå. Mari Eidsberget (AP) møtte som vara. Trond A. Johansen (AP) hadde ordet. Votering: Samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.