Mulighetsstudie Gol helsetun – vegval og dimensjonering for forstudiet
Vedtak
1. I forstudien for Gol helsetun skal det planleggast for inntil 12 % dekningsgrad for sjukeheimsplassar og ei trinnvis utbygging.
2. Nytt produksjonskjøkken vert å planlegge i eit nybygg. Garderober for tilsette og lager vert planlagt i eksisterande bygningskropp.
3. Forstudien skal også sjå på om det er mogleg å samlokalisere krisesenter og barnevernsvakt, samt arbeidssenter, Kafe Makalaus og legetenester.
4. Skisse for framtidig tal og type omsorgsbustader skal vere ein del av denne forstudien.
5. Forstudien skal også vurdere behovet for felles institusjonstenester i Hallingdal. Samtidig må det drøftingar til regionalt.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 8/2026 i møte den 03.03.2026
Saksordførar: Jan Kattenberg. Desse hadde ordet: Helge Feet (V), Asle Berg Bråtalien (SP) og Helge Feet (V), Helge Feet V) ba kommunestyret ta stilling til sin habilitet då han arbeider som fastlege i Gol og saksutredninga også omtaler legetenestene. Kommunedirektør Hege Mørk gjorde greie for habilitetsreglane. Kommunstyret vedtok samrøystes at Helge Feet (V) var habil til å delta i behandling av saka. Helge Feet (V) foreslo å ta ut punkt 3.
Formannskapet si innstilling pkt 3 vart sett opp mot framlegget frå Helge Feet (V). Framlegget til Feet fekk 2 røyster (V) og fell. Punkt 1., 2., 4. og 5 vart votert samla og vart samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.