Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Gol · Saker

Busetjing av flyktningar i 2026 etter anmodning fra IMDi

Sak 7/2026 · Kommunestyret 3. mars 2026 · Behandlet

Vedtak

1. Gol kommune buset inntil 25 flyktningar i 2026.

2. Gol kommune tek ikkje imot einslege mindreårige flyktningar.

3. Gol kommune kan ikkje busette personar med komplekse, helserelaterte utfordringar.

4. Gol kommune ynskjer jamn tilflytting gjennom heile året av flyktningar.

5. Eventuelt behov for oppretting av nye stillingsheimlar i dei aktuelle tenestene, samt eventuell styrking av budsjettet med andre naudsynte driftskostnader, skal leggjast fram for kommunestyret til godkjenning før iverksetjing.

6. Kommunedirektøren skal fremje tverrfagleg arbeide for å styrke integreringa av busette flyktningar, blant anna ved å legge til rette for praksisplassar og jobbmoglegheiter i kommunen, og å førebygge utanforskap innan sosialt liv, utdanning og arbeidsliv.

7. Meirutgiftene blir dekt av integreringstilskot i 5 år frå busetting og av særtilskot.

8. NAV Hallingdal vert tildelt midlar til ei 100 % prosjektstilling som rettleiarressurs for flyktningar. Stillinga vert finansiert med integreringstilskot i 2026 og vert innarbeidd i budsjettet for 2027. Ordninga skal evaluerast i samband med budsjettarbeidet for 2028.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 7/2026 i møte den 03.03.2026

Saksordførar: Kristin Bakke Haugen. Desse hadde ordet: Christian Ihlen Brunborg (AP), Tom Rune Skredderberget Blakkestad (H), Kari Anita Brenna (SP), Jan Kattenberg (V), Sigvat Morken (SV), Kari Anita Brenna (SP), Martha Nistad (AP), Asle Berg Bråtalien (SP), Martha Nistad (AP), Leif Norhaug (AP), Helge Feet (V), Kristin Bakke Haugen (SP), Helge Feet (V), Kristin Bakke Haugen (SP) og Christian Ihlen Brunborg (AP). Christian Ihlen Brunborg (AP) foreslo nytt pkt. 8:

NAV Hallingdal vert tildelt midlar til ei 100 % prosjektstilling som rettleiarressurs for flyktningar. Stillinga vert finansiert med integreringstilskot i 2026 og vert innarbeidd i budsjettet for 2027. Ordninga skal evaluerast i samband med budsjettarbeidet for 2028. Tom Rune Skredderberget Blakkestad (H) fremja UKL si innstilling om å ta imot 15 flyktningar.

Det vart fyrst votert over punkt 1 der formannskapet si innstilling vart sett opp mot framlegg frå Gol høyre om å ta imot 15 flyktningar. Formannskapet si innstilling vart vedteke med 12 mot 9 (FRP, H, SP) røyster. Det vart deretter votert over punkt 2 til 7. Samrøystes vedteke. Til slutt vart det votert over framlegg til nytt pkt 8. Samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.