Detaljregulering for Søre Narveset, planID 2023006 - 2.gongs handsaming og eigengodkjenning
Vedtak
Kommunestyret vedtek i medhald av plan- og bygningslova § 12-12 detaljregulering for Søre Narveset - planID 2023006 med følgjande endring:
Følgjande punkt leggjast inn i bestemmelser:
• Dersom det skulle dukke opp uforutsette arkeologiske funn, til dømes kolgroper eller slagg, i samband med grunnarbeid, skal arbeidet straks stoppast og fylkeskommunen kontaktast, jf. kulturminnelova § 8, andre ledd.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 9/2026 i møte den 03.03.2026
Saksordførar: Aud Ingunn Narum. Desse hadde ordet: Jan Kattenberg (V), kommunalsjef Samfunn og utvikling, Svein Eide som svara på spørsmål frå Jan Kattenberg (V), Jan Kattenberg (V), kommunalsjef Svein Eide, Helge Feet (V), Sigvat Morken (SV). Sigvat Morken (SV) foreslo å utsette saka. Desse hadde ordet til utsettingsforslaget: Jan Kattenberg (SV), Herbrand Jegleim (SP) som ba om gruppemøte, Jon Anders Hefte (AP). Det vart helde gruppemøte. Etter gruppemøtet hadde desse ordet: Arealplanleggar Ellen Haakonsen Karr som orienterte og Sigvat Morken (SV). Votering over utsettingsframlegget: Dette fekk 4 røyster (V, SV og Asle Berg Bråtalien (SP) og fell. Vidare haddde desse ordet til realitetsbehandlinga: Asle Berg Bråtalien (SP), Herbrand Jegleim (SP), Jon Anders Hefte (AP), Jan Kattenberg (V) og Tom Rune Skredderberget Blakkestad (H). Asle Berg Bråtalien (SP) foreslo ny setning til slutt i vedtaket:
"Planen skal inkluderast i planvask."
Det vart fyrst votert over om ny setning til slutt i vedtaket skulle takast inn. Forslaget fekk 7 røyster (V, SV, SP minus Herbrand Jegleim og Heidi Granli AP) og fell. Det vart deretter votert over innstillinga frå UNN. Vedteke mot 3 (V og SV) røyster.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.