Søknad om 2 årig støtte til etablering av interkommunalt idretts- og aktivitetsråd
Vedtak
1.Gol kommune innvilgar kr 50 000 per år i 2026 og 2027 til etablering og drift av eit interkommunalt idretts- og aktivitetsråd for Hemsedal, Gol og Nesbyen. 2.Midlane til støtta skal innarbeidast i kommunens budsjett for dei aktuelle åra. 3.Det skal utarbeidast ein samarbeidsavtale mellom Gol kommune og det nyetablerte idretts- og aktivitetsrådet i løpet av etableringsperiodens første år (2026). Idretts- og aktivitetsrådet skal gjennom ordninga forplikte seg til å fremje eigenorganisert aktivitet og søkje breitt samarbeid med andre organisasjonar enn idretten. 4.Etableringa av idretts- og aktivitetsrådet skal evaluerast etter toårsperioden, og eventuelt tilskot til vidare drift skal behandlast som eiga sak.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 3/2026 i møte den 03.02.2026
Saksordførar: Kristin Bakke Haugen. Martha Nistad (AP) og Vilde Nistad Strandos (AP) stilte spørsmål til sin habilitet då dei er hhv. gift med og dotter til søker. Martha og Vilde trådte ifrå medan kommunestyret tok stilling til habiliteten. Kommunestyret vedtok mot to røyster (Helge Feet V og Tore Ness H) at Martha og Vilde var inhabile. Ingen møtte som vara. Desse hadde ordet: Helge Feet (V), kommunedirektør Hege Mørk som svara på spørsmål, Asle Berg Bråtalien (SP), kommunedirektør Hege Mørk som svara på spørsmål, Kristin Bakke Haugen (SP), Leif Norhaug (AP).
Samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.