Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Gol · Saker

Organisering av barnehagane i Gol kommune frå januar 2027

Sak 1/2026 · Kommunestyret 3. februar 2026 · Behandlet

Vedtak

1.Gol kommune organiserer barnehagestrukturen frå januar 2027 med fire kommunale barnehagar: Herad, Vesterhuset, Breidokk og «ny barnehage». 2.Breidokk barnehage vert oppretthalden slik ho er i dag, med 3 avdelingar. 3.Det vert etablert ein auke i leiarressurs på 100 % i «ny barnehage» i løpet av barnehageåret 2026/2027 for å oppfylle lovkravet om nærverande leiing (jf. barnehagelova §

7) og sikre forsvarleg drift. 4.Grunnbemanninga vert auka med 60 % frå og med barnehageåret 2026/2027, og med ytterlegare 30 % frå og med barnehageåret 2027/2028. 5.Ved ei eventuell opning av fleire avdelingar enn planlagt vil det vere behov for ytterlegare auke i grunnbemanninga. Dette vert vurdert og innarbeidd i samband med budsjettarbeidet.

6. Alle avdelingar skal reduserast til 18 plassar så snart det let seg gjere, utan at barn vert flytta mot føresette sitt ønskje.

7. Administrasjonen skal gjennomføre nødvendige overgangsprosessar som ivaretek barn, føresette og tilsette, og rapportere status til kommunestyret innan november 2026. 8.Føresette kan søkje plass i den nye barnehagen ved hovudopptaket 1. mars 2026, med oppstart frå januar 2027 – «Ny barnehage frå 01.01.2027». Føresette med barn som har plass per i dag, skal informerast om at dei kan søkje om flytting til ein annan barnehage dersom dei ønskjer det.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 1/2026 i møte den 03.02.2026

Saksordførar: Jan Kattenberg. Desse hadde ordet: Helge Feet (V), Camilla Larsen Hoftun (AP), Asle Berg Bråtalien (SP), Tom Rune Skredderberget Blakkestad (H), Jan Kattenberg (V), Martha Nistad (AP), Jan Kattenberg (V), Hadeel Hussein (SV), Asle Berg Bråtalien (SP), Christian Ihlen Brunborg (AP), Hege Feet (V), Asle Berg Bråtalien (SP), Jan Kattenberg (V), Kristin Bakke Haugen (SP), Christian Ihlen Brunborg (AP). Senterpartiet fremja alternativt framlegg til vedtak:

I samband med oppstart ny barnehage fra 01.01.2027 skal administrasjonen organisere Gol barnehage basert på en avveining av forholdene for barna, arbeidsforholdene til de ansatte, og den overordnende kommuneøkonomien i lys av krav om innsparing av 10 MNOK fra 2027. Fører dette til at Breidokk barnehage ikke blir brukt i ein periode skal dette ikke sees som en avvikling. Jan Kattenberg (V) foreslo at det i punkt 2 endres fra 3 til 2 avdelingar. Det vart helde gruppemøte. Etter gruppemøtet hadde Helge Feet (V) ordet.

Det vart votert enkeltvis over kvart framlegg. SP sitt framlegg fekk 5 røyster (SP og SV) V sitt framlegg fekk 2 røyster (V) Formannskapet si innstilling fekk 13 røyster (AP og H) og vart vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.