Prikktildeling - brot på alkoholforskriften
Vedtak
Pers hotell AS, org. nr 987237910 tildeles etter alkoholforskriften § 10-3 tredje ledd, to prikkar etter brot på alkoholforskriften § 4-1 for å ikkje ha sørga for at en openbart rusa person forlèt lokalet til Børts Fusion Restaurant.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 49/2025 i møte den 11.11.2025
Saksordførar: Tore Ness (H). Christian Ihlen Brunborg (AP) ba kommunestyret ta stilling til sin habilitet då han er styremedlem og har ei leiande stilling i selskapet. Kommunestyret vedtok samrøystes at Christian var inhabil. Ingen møtte som vara for Christian. Martha Nistad (AP) og Vilde Nistad Strandos (AP) ba kommunestyret ta stilling til sin habilitet då dei er leiar av selskap med same løyve. Kommunestyret vedtok med 15 mot 2 røyster (Helge Feet V og Camilla Larsen Hoftun AP) at Martha og Vilde var inhabile. Ingen møtte som vara for Martha og Vilde. Kommunestyret bestod etter dette av 17 representantar. Desse hadde ordet: Tore Ness (H), Camilla Larsen Hoftun (AP), Helge Feet (V), Herbrand Jegleim (SP), Tore Ness (H), Trond A. Johansen (AP), Helge Feet (V) og Knut Andre Svensbråten (FRP). Tore Ness (H) fremja skjenkekontrollen sitt alternative vedtak, å ikkje tildele prikkar. Det vart votert alternativt over innstillinga frå kommunedirektøren og framlegget frå Tore Ness (H). Innstillinga frå kommunedirektøren vart vedteke med 9 mot 8 ( 4 H, 2 V, Jon Anders Hefte og Leif Norhaug AP) røyster.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.