Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Gol · Saker

Revisjon av kommunale arealplanar - "planvask"

Sak 31/2025 · Kommunestyret 17. juni 2025 · Behandlet

Vedtak

Gol kommune gjennomfører ein planvask av reguleringsplanar for fritidsbustader og næring knytt til reiselivet som er eldre enn 10 år, samt eldre utbyggingsområde for fritidsbustader og næring knytt til reiselivet som er vidareført i arealdelen av kommuneplanen. Reguleringsplanar for fritidsbustader og næring knytt til reiselivet som er eldre enn 10 år, men som har endringar og behandlingar nyare enn 10 år, vil væra ein del av planvasken. Planvasken skal ta for seg dei tre kategoriane; ikkje-gjennomførte arealplanar, gjennomførte arealplanar, oppheva/erstatta arealplanar.

Følgjande evalueringskriterium blir lagt til grunn for «planvasken»:

1. Ikkje-gjennomførte arealplanar Bevaringsomsyn:

-Støy -Forureina grunn -Klima -Klimatilpassing -Naturmangfald -Vassmiljøkvalitet -Kulturminne og kulturmiljø -Landskap -Friluftsliv -Strandsone -Jordvern Samfunnsikkerheit:

-Flaum -Jord og flaumskred -Snøskred -Steinsprang Utbyggingsinteresser:

-Forhald til tema i kommuneplanens samfunnsdel og arealstrategiar. -Infrastruktur

2. Gjennomførte arealplanar:

Plankvalitet:

-Digitalt plankart? -Er utbygging i samsvar med plankartet? -Har planen opplysning om utnyttingsgrad? -Eldre berekningsreglar for utnyttingsgrad? -Tydeleg kopling mellom kart og føresegn? -Har planen særskilde omsyn som ikkje blir ivareteken i overordna plan, lov eller forskrift? Forhald til KPA:

-Avvikande arealformål? -Avvikande føresegn? -Kan planen vidareførast uendra i KPA?

3. Oppheva/erstatta arealplanar:

-Kontrollere at dei eldre arealplanane er erstatta av nye arealplanar.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 31/2025 i møte den 17.06.2025

Saksordførar: Jan Kattenberg. Desse hadde ordet: Karianne Østro (AP), Jan Kattenberg (V), Helge Feet (V), Asle Berg Bråtalien (SP), verksemdsleiar Sandra Marie Paulsen som svara på spørsmål, Asle Berg Bråtalien (SP). Asle Berg Bråtalien (SP) fremja å fjerne setningen: som er eldre enn 10 år. Vidare hadde desse ordet: Helge Feet (V), Jan Kattenberg (V), Christian Ihlen Brunborg (AP), Asle Berg Bråtalien (SP), Helge Feet (V), Kristin Bakke Haugen (SP). Asle Berg Bråtalien trekte sitt framlegg .Det var omforeint enighet om ei presisering som takast inn som ny setning 2:

Reguleringsplanar for fritidsbustader og næring knytt til reiselivet som er eldre enn 10 år, men som har endringar og behandlingar nyare enn 10 år, vil væra ein del av planvasken. Det vart fyrst votert over framlegg til ny setning 2. Samrøystes vedteke. Det vart deretter votert over innstilling inkludert ny setning 2. Samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.