Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Gol · Saker

Sikringsstrategi for konsesjons- og andelskraft

Sak 17/2025 · Kommunestyret 8. april 2025 · Behandlet

Vedtak

Gol kommune vedtar slik sikringsstrategi for forvaltning av kommunens kraftrettar:

Sikringsgraden skal aukast med ein andel i løpet av kvart kvartal, volumet her avheng av årstid og kraftpris. -Om lag 60 % av tilgjengeleg volum for år 1 skal vere sikra ved budsjettåret si byrjing. -Om lag 40% av tilgjengeleg volum for år 2 skal vere sikra ved budsjettåret si byrjing. -Om lag 20% av tilgjengeleg volum for år 3 skal vere sikra ved budsjettåret si byrjing. Konsesjonskraft sikrast før andelskraft. Tidspunktet for sikringa skal, innanfor kvartalet, veljast med mål om å oppnå best mogleg sikringspris. Sikringsstrategien skal opp til vurdering etter 3 år. Ustekveikja Energi AS får delegert slik fullmakt:

￿Sjå til at sikrings- og risikorammer alltid blir overheldt. ￿Ha det operative ansvaret for sikringshandelene. ￿Ha ansvaret for å ta posisjonar innanfor dei rammar som kommunestyret har godkjent. ￿Sørge for at involverte partar i praktiseringa av krafthandelsfunksjonen har nødvendige fullmakter. Ustekveikja Energi AS skal kvartalsvis sende rapport som viser resultatet av den totale kraftomsetninga. Rapporten skal vise den alltid gjeldande sikringsgrad, prognosar på verdien av kraftrettane inneverande år og framtidig sikringsperiode, og dessutan eventuelle avvik frå normalgrensene for sikringshandelen. Rapportan leggjast fram for formannskapet som økonomiutval.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 17/2025 i møte den 08.04.2025

Saksordførar: Christian Ihlen Brunborg. Helge Feet (V) hadde ordet. Votering: Samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.