KS Debatthefte Innspel til mellomoppgjeret 2025
Vedtak
1. Arbeidstakarane må sikrast i reallønsauke i 2025. I kapittel 4 bør lønstillegga skje i sentrale forhandlingar.
2. Dagens garantilønssystem bør vidareførast. Ein bør eventuelt vurdere å utvide stillingskodar som gjer det mogleg å få til ein meir presis og lik innplassering med tanke på utdanningslengde og kompetanse.
3. Kommunane bør få større handlingsrom og fleksibilitet for å tilpasse ulike arbeidstidsordningar etter avtale med lokale organisasjonar. Tilsetting i 100%-stillingar bør være ein hovudregel. Det bør bli enklare å legge til rette for moglegheiter for lengre vakter for dei som ønskjer det, td. 12 ½ t. vakter i helg med arbeid kvar fjerde helg. Ein bør ha moglegheit for å tilrettelegging for andre turnus- og arbeidstidsordningar som gjer at ein beheld dei tilsette. Den ordninga som pensjonerte sjukepleiarar har, med å kunne å jobbe i mindre stillingar utan å få avkorting i pensjonen, bør utvidast til å gjelde både førskulelærarar og lærarar.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 5/2025 i møte den 04.02.2025
Personalleiar Tonje Kopstad gjorde greie for saka. Votering: samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.