Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Gol · Saker

KS Debatthefte 2025 innspel til strategisk og ny politikk

Sak 4/2025 · Kommunestyret 4. februar 2025 · Behandlet

Vedtak

Gol kommunestyre takkar KS for godt initiativ og tilsluttar seg innhaldet i dokumentet og spesielt delkapittelet om å "Redusere statleg styring" på side 9. Det er positivt at regjering og Storting signaliserer at ein ynskjer å rydde i byråkratiet, redusere rapporteringskrav og målstyring, og å forenkle lovverk og statlege organ sine oppgåver utan at det minskar kvaliteten. Dette kan vere starten på ei tillitsreform i offentleg sektor. Vi ser at samskaping med innbyggarar og lokalsamfunnet generelt, sannsynlegvis blir metoden som vil nyttens for å møte det eksisterande forventingsgapet. Stikkord vil til dømes bli: innbyggardialog om såkalla «co-creation». Co.-creation, eller samskaping, henspeglar på at innbyggarane er aktive deltakarar i verdiskapingsprosessane, det vil seie at sluttverdien av tenesta, det som innbyggaren spør etter, er noko som er skapt i eit fellesskap av innbyggaren sjølv og kommunen. I dette ljoset er det fleire som og peikar på at heile politikarrolla og politiske beslutningsstrukturar må fornyast. Kommunestyret ber om at spørsmåla som gjeld korleis vi folkevalde kan fornye rolla vår, og på denne måten redusere og handtere forventningsgapet gjennom å vere i dialog med innbyggjarane våre, blir tema på strategikonferansen i år og framover. Vi trur at denne nye måten fordialog kan bidra til å skape forståing for dei rammevilkåra vi må forhalda oss til framover. Gol kommunestyre ber kommunedirektøren om, om mogleg å konkretisere døme på rapporteringskrav og arbeidsoppgåver som er pålagde kommunen, men som opplevst som meir hemmande enn fremjande. Jf. s. 9.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 4/2025 i møte den 04.02.2025

Personalleiar Tonje Kopstad gjorde greie for saka og la fram framlegg til vedtak frå administrasjonen. Desse hadde ordet: Helge Feet (V), Kristin Bakke Haugen (SP), Christian Ihlen Brunborg (AP), Heidi Granli (AP) og Bjarte Rundereim (SV). Bjarte Rundereim (SV) foreslo å endre fyrste setning i framlegget frå administrasjonen til:

Kommunestyret takkar KS for godt initiativ og tek innhaldet i dokumentet til etterretning. Det vart helde gruppemøte for å diskutere framlegga. Etter gruppemøtet hadde Christian Ihlen Brunborg (AP) ordet. Votering: Framlegget frå SV vart sett opp mot framlegget frå administrasjonen. Framlegget frå SV fekk 3 røyster (SV og V) og fell.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.