Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Gol · Saker

Ny barnehage og barneavlastning - avdelingar og sambruk

Sak 1/2025 · Kommunestyret 7. januar 2025 · Behandlet

Vedtak

1.Gol kommune byggjer ny barnehage, barneavlastning og aktivitetssenter (to kombinasjonsavdelingar) i tråd med vedlagt konseptskisse vedlegg 1 og kostnadsramme jf vedlegg 2. 2.Barnehagedelen bli bygd med seks avdelingar med kostnadsramme jf vedlegg 2. 3.Kommunedirektøren får fullmakt til å leggje prosjektet ut på anbod. 4.Kommunestyret gjer vedtak om igangsetting av bygging i eiga sak.

5. Prosjektgruppa forbereder bygget så langt det er hensiktsmessig for i fremtiden å kunne tilby barnehagetilbud kveld, natt og helg.

6. Opparbeidelse av ny parkeringsplass for Gol skule leggjast inn som ein opsjon i anbudet. Endeleg avgjerd om opparbeiding av parkeringsplass gjerast i sak om bygging.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 1/2025 i møte den 07.01.2025

Saksordførar: Asle Berg Bråtalien. Desse hadde ordet: Christian Ihlen Brunborg (AP), Tom Rune Skredderberget Blakkestad (H), Asle Berg Bråtalien (SP), Jan Kattenberg (SP), Martha Nistad (AP), Helge Feet (V), kommunedirektør Hege Mørk, Asle Berg Bråtalien (SP), Christian Ihlen Brunborg (AP) som ba om gruppemøte. Gol SP fremja forslag om tilleggspunkt i vedtaket:

• Prosjektgruppa forbereder bygget så langt det er hensiktsmessig for i fremtiden å kunne tilby barnehagetilbud kveld, natt og helg.

• Prosjektet opparbeider ikke ny parkering for ansatte ved Gol skule. Parkering ved GIA blir utvida med oppmerking og kanter for å maksimere bruken av plassen. Etter gruppemøtet hadde desse ordet: Christian Ihlen Brunborg (AP), Gunn Ragnhild Stigen (SV), Helge Feet (V), Martha Nistad (AP), Asle Berg Bråtalien (SP) og Tom Rune Skredderberget Blakkestad (H). Arbeiderpartiet fremja nytt punkt: Opparbeidelse av ny parkeringsplass for Gol skule leggjast inn som ein opsjon i anbudet. Endeleg avgjerd om opparbeiding av parkeringsplass gjerast i sak om bygging. Senterpartiet trekte sitt framlegg til punkt 2 etter ordskiftet.

Det vart fyrst votert over Senterpartiet og Arbeiderpartiets forslag til tilleggspunkter. Senterpartiet sitt fyrste punkt - samrøystes vedteke inn i innstillinga. Arbeiderpartiet sitt tilleggspunkt samrøystes vedteke inn i innstillinga.

Det vart deretter votert punktvis over innstillinga frå kommunedirektøren:

Punkt 1 - samrøystes vedteke. Punkt 2 - alternativ med 6 avdelingar - samrøystes vedteke. Punkt 3 - 4 samrøystes vedteke. Punkt 5 - 6 framlegga frå Senterpartiet og Arbeiderpartiet - samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.