Felles forliksråd i Hallingdal
Vedtak
Det blir oppretta eit felles forliksråd for kommunane Hol, Ål, Gol, Hemsedal, Nesbyen, Flå. Det nye forliksrådet får namnet Hallingdal forliksråd. Felles forliksråd skal tre i kraft frå 1.1.2025. Forliksrådet skal ha 3 lekdommarar og 3 varamedlemmer. Rådet skal ha brei geografisk representasjon og kontinuitet skal takast omsyn til. Kvar kommune nominerer to representantar til Hallingdal forliksråd, ein av kvart kjønn. Av desse representantane, vel Regionrådet 3 lek-domarar og 3 varamedlemmer, samt leiar/nestleiar. Samansetninga må vedtakast i kvart kommunestyre. Kvar kommune vel i tillegg ein møtefullmektig. Leiarvervet skal rullere mellom kommunane. Sekretariatet blir lagt til Gol og betjent av Hallingdal lensmannskontor, som i dag.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 68/2024 i møte den 08.10.2024
Saksordførar: Karianne Østro.
Kommunedirektør Hege Mørk la fram ny innstilling basert på vedtak i Regionrådet.
Samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.