Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Gol · Saker

Alkoholpolitiske retningslinjer for Gol kommune 2024-2028

Sak 33/2024 · Kommunestyret 11. juni 2024 · Behandlet

Vedtak

Alkoholpolitiske retningslinjer for Gol kommune 2024-2028 vert vedteke.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 33/2024 i møte den 11.06.2024

Saksordførar: Trond A. Johansen. Desse hadde ordet: Sigvat Morken (SV), kommunedirektør Hege Mørk, Helge Feet (V), Jan Kattenberg (V). Jan Kattenberg (V) ba om gruppemøte. Framlegg frå SV :Handsaming av «Alkoholpolitiske retningsliner for Gol kommune 2024-2028» blir utsett til Gol kommune har ein politisk handsama «Alkoholpolitisk handlingsplan». Eksisterande sals- og skjenkeløyve for alkohol i Gol kommune blir forlenga ut 2024. Etter ei pause i møtet hadde Sigvat Morken (SV) ordet og fremja endra framlegg. "Alkoholpolitiske retningsliner" skal opp til revidering når "Alkoholpolitisk Handlingsplan" er vedteken. Skjenkeløyver skal også opp til ny handsaming når dette er gjort" Det vart ikkje helde gruppemøte. Vidare i saka hadde desse ordet: Martha Nistad (AP), kommunedirektør Hege Mørk, Helge Feet (V), kommunedirektør Hege Mørk, Karianne Østro (AP), Sigvat Morken (SV), Martha Nistad (AP), Jan Kattenberg (V) og Tom Rune Skredderberget Blakkestad (H). Det vart fyrst votert over tilleggsframlegget til Sigvat Morken (SV). Dette fekk 3 røyster (SV og V) og fell. Det vart deretter votert over UKL si innstilling. Samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.