Tenestekonseptutvikling 2.0 helse og omsorg
Vedtak
1. Gol kommunestyre tek rapport frå HRP AS til orientering, og ber administrasjonen gå vidare med tilrådingane i rapporten for å få avklart om avdeling ODA på Gol helsetun kan bli godkjent som pasientrom.
2. Kommunestyret ber om ein heilskapleg prosjektplan/mulighetsstudie for Gol helsetun med vurdering av funksjonar, framtidige behov og best mulig bruk av lokala, i tråd med saksutgreiinga.
3. Kommunestyret vedtek at 3 mill.kr i investeringsbudsjettet til ventilasjon på kjøkkenet på Gol helsetun vert omdisponert til prosjektplan/mulighetsstudie og konseptutvikling/forprosjekt på Gol helsetun. Mulighetsstudien skal ligge føre til økonomiplanarbeidet for 2026-29.
4. Kommunestyret ber administrasjonen å lage en sak om omdisponering av omsorgsbustader for ROP pasienter.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 11/2024 i møte den 02.04.2024
Saksordførar: Kristin Bakke Haugen. Desse hadde ordet: Tore Ness (H), Herbrand Jegleim (SP), Martha Nistad (AP), Tom Rune Skredderberget Blakkestad (H), Asle Berg Bråtalien (SP), kommunedirektør Hege Mørk som svara på spørsmål frå Asle Berg Bråtalien (SP) og Tom Rune Skredderberget Blakkestad (H). Tore Ness (H) fremja framlegg til endring i punkt 2 i innstillinga frå formannskapet:
"stryke «, i tråd med saksutgreiinga» og legge til «som også inkluderer alternativer med nybygg/påbygg».
Det vart votert punktvis:
Punkt 1 - samrøystes vedteke. Punkt 2 - formannskapet si innstilling vart sett opp mot Tore Ness (H) sitt framlegg til endring. Framlegget frå Tore Ness (H) fekk 7 røyster (H, FRP og V) og fell. Punkt 3 - samrøystes vedteke. Punkt 4 - samrøystes vedteke.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.