Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Gol · Saker

KS Debatthefte 2024

Sak 1/2024 · Kommunestyret 6. februar 2024 · Behandlet

Vedtak

1.Kva løns- og arbeidsvilkår er viktig å vareta og/eller prioritere ved hovudtariffoppgjeret 2024? Kommunane i Hallingdal meiner at det er behov for både rekruttere og behaldetiltak og som eit behaldetiltak bør det innførast eit ekstra ansiennitetstrinn etter 16 år, til dømes etter 20 år. Vi ønskjer og ei innføring av eitt ekstra ansiennitetsløft (som eit rekrutteringstiltak) i kapittel 4 mellom 10 og 16 år, det vil si eitt opprykk etter 13 års teneste. Dette blir grunngitt i at dette er ei gruppe som er etablert i stillinga. og som ikkje oppnår vidare ansiennitetsløft i tidsrommet mellom 10 og 16 års teneste. 2.Bør KS ha mål om at Hovedtariffavtala gir kommunen/fylkeskommunen større handlingsrom for eigen lønspolitikk? Vi meiner at vi må kunne fordele oppgåver innanfor helse på ein anna måte enn i dag.Ei oppgåvefordeling der til dømes ufaglærte har sine spesifikke oppgåver og kan avlaste helsefagarbeidarar og dei igjen sjukepleiarar. Det betyr at vi ønskjer moglegheit til å lempe på kvalifikasjonsprinsippet, for å få oppgåvene gjort. 3.Kva bør KS gjere for å skaffe kommunen/fylkeskommunen større handlingsrom for å etablere og fastsette arbeidstidsordningar som aukar heiltidsandelen? Hallingdalskommunane meiner at vi treng auka moglegheit til lokal styring til å godkjenne arbeidstidsordningar som til dømes langturnus. Altså meir mynde til lokale tillitsvalte til å lage gode lokale ordningar samen med arbeidsgivar. Attraktive arbeidstidsordningar vil kunne lette rekruttering til stillingar i helse- og omsorg. Ved til dømes fleire tilsette i langturnus vil grada av heiltid kunne auke. Kap 4 er eit veldig regulert/rigid lønskapittel. Det kan sjåast på moglegheiter kvar det blir opna opp for meir lokal fleksibilitet i kapittel 4. Vi ønsker stillingskodar med fleire lokal tilpassingar.Vi ønsker å legge til rette for tilsettingar i 100%-stillingar som ein hovudregel. Vi ønskjer å legge til rette for moglegheita for lengre vakter for dei som ønsker det, til dømes 12 ½ t. vakter på helg med arbeid kvar fjerde helg. Langvakter vil i kombinasjon med ordinære arbeidstidsordningar gjere kommunane i stand til å tilby ordningar som kan møte dei tilsette dei ulike livsfasane sine. Langvakter kan gi færre vakter og lengre intervall mellom arbeid i helgene. Fleire som jobbar heiltid må bety at kommunane har verkemedel som legger til rette for ei mindre belastning enn i dag, jf. langvakter og dermed mindre helgearbeid. Vi må kunne legge til rette meir, for at våre tilsette skal kunne stå i heile krevjande stillingar. Vi ønskjer og at KS ser på moglegheit for å samordne lønnsoppgjeret på tvers med til dømes ein lokal pott til ein og ei gruppe. Vi har ein ide om å dedikere delar av lokal pott til nokre stillingskodar. Det kan gjere det enklare å målrette oppgjeret mot grupper det er vanskeleg å rekruttere. Vi ønsker òg nye stillingsgrupper– ein ny todeling med sjukepleiarar, i og utanfor turnus. Det blir på denne måten enklare å kompensere for arbeidstid i turnus gjennom det sentrale lønsoppgjeret. Vi ønskjer og å kunne legge til rette for at seniorar kan og ønskjer å stå lenger i arbeid gjennom betre turnus, mindre belastningar og mellom anna, trygg opplæring i nye system. Her er det mykje kompetanse og fleire varme hender som kan vere med å dekke arbeidskraftbehovet. Det kan også sjåast på ei større økonomisk utteljing for gjennom ei betre pensjon, ved å stå lenger i jobb.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyret har behandla sak 1/2024 i møte den 06.02.2024

Saksordførar: Jan Kattenberg.

Christian Ihlen Brunborg (AP) og Helge Feet (V) hadde ordet.

Samrøystes vedteke.

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.