Tenestekonseptutvikling 1.0
Vedtak
1. Kommunestyret tar rapport frå KS Konsulent til orientering og ber administrasjonen arbeide vidare med tilrådingane i rapporten. Det blir sett av 300 000 kroner til kjøp av ekstern prosessveiledning til implementeringsarbeidet.
2. Prinsipp for tenesteyting skal vera basert på:
A. Funksjonsnivå og symptom og ikkje alder og diagnose
B. Heimetenester/ open omsorg skal vera basistilbod ved tildeling av tenester
C. Velferdsteknologiske hjelpemiddel skal alltid vurderast først ved tenestetildeling
D. Førebyggande helsetenester til barn, unge og familiar skal styrkast gjennom samorganisering og samlokalisering
E. Psykisk helseteneste skal styrkast ved å etablere bu- og omsorgstilbod for menneske med alvorlege og langvarige psykiske lidingar og/eller rus
3. Bærekraftig bemanning skal realiserast gjennom heiltidskultur, rett kompetanse og arbeidstidsordningar som støttar opp om dette.
4. Innovasjonskultur og leiing av innovasjonsprosessar er ein føresetnad for vidare arbeid med tenestekonseptutvikling
5. Formålsbygg for helse og omsorg skal bidra til tverrfagleg samarbeid, effektiv tenesteyting og samlokalisering.
6. For å frigjere omsorgsbustader med fellesareal til omsorgsbustader for personar med psykiske lidingar skal det utredes om ODA bør renoverast og takast i bruk.
7. Kartlegging, tilstandsvurdering, renovering og ev påbygg/nybygg av Gol helsetun og nærliggande omsorgsbustader skal utførast i samarbeid med eigedomsavdelinga, Gol kommunale eigedommar og IKT Hallingdal i eige prosjekt.
8. Helsetenestene bør samorganisert og samlokalisert i eige bygg.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Kommunestyret har behandla sak 72/2023 i møte den 12.12.2023
Saksordførar: Tom Rune Skredderberget Blakkestad (H).
Desse hadde ordet: Asle Berg Bråtalien (SP), Jan Kattenberg (V), Martha Nistad (AP), Kristin Bakke Haugen (SP), Jan Kattenberg (V), Helge Feet (V), Tom Rune Skredderberget Blakkestad (H).
Framlegg frå Asle Berg Bråtalien (SP)
Punkt 6: "For å frigjere omsorgsbustader med fellesareal til omsorgsbustader for personar med psykiske lidingar skal ODA renoverast og takast i bruk."
Det vart fyrst votert over punkt 1-5: Samrøystes vedteke i tråd med formannskapet si innstilling.
Deretter vart punkt 6 i framlegg frå formannskapet sett opp mot framlegg til endra punkt 6 frå SP. Formannskapet si innstilling vart vedteke mot 4 røyster (SP).
Til slutt vart det votert over punkt 7-8: Samrøystes vedteke i tråd med formannskapet si innstilling.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 30. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.