Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Vefsn · Saker

2. gangs behandling - Kulturminneplan for Vefsn kommune

Sak 67/2026 · Kommunestyre 18. juni 2026 · Behandlet

Vedtak

Kulturminneplanen for Vefsn kommune sendast tilbake til administrasjonen for vidare bearbeiding.

Planen skal leggjast fram for behandling i utval for Samfunnsutvikling og infrastruktur, dei øvrige politiske utvala og aktuelle råd før endeleg politisk behandling.

Det skal utarbeidast eit tydeleg mandat for kulturminneplanen som klargjer mål, avgrensingar og kriterium for vern.

Det skal utarbeidast retningslinjer som sikrar ein god balanse mellom bevaring av kulturhistoriske verdiar og eigarane sine moglegheiter til å vedlikehalde, utvikle og nytte eigedomane sine utan unødvendige kostnader eller byråkratiske hinder.

Det skal gjerast tydelege vurderingar av kva kulturminne og kulturmiljø som har dokumentert verneverdi, og kva kriterium som skal leggjast til grunn for slike vurderingar.

Grunngjeving Kulturminneplanen representerer eit omfattande og grundig arbeid, og det er lagt ned stor innsats frå administrasjon, fagmiljø og andre bidragsytarar. Planen tek opp viktige spørsmål om bevaring av Vefsn si historie og kulturarv. Samtidig meiner kommunestyret at planen manglar nokre grunnleggjande avklaringar som bør vere på plass før endeleg behandling. Det er ikkje tilstrekkeleg klargjort kva mandat som har lege til grunn for arbeidet, kva kulturminne og kulturmiljø som skal omfattast av planen, eller kva kriterium som skal vere avgjerande for vern. Det er også eit spørsmål om kva som skal vere grunnlaget for vernevurderingane. Formannskapet meiner at vern må byggje på dokumenterte kulturhistoriske verdiar og ein tydeleg fagleg grunngjeving, ikkje berre på alder eller nostalgiske omsyn. Det må avklarast kva som har særskild verneverdi, og kva som ikkje skal omfattast av planen. Kommunestyret meiner òg at omsynet til eigarane av aktuelle eigedomar må vektleggjast tydelegare. Kulturminnevern må utformast slik at eigarar framleis kan vedlikehalde, utvikle og nytte eigedomane sine utan unødvendige ekstrakostnader eller omfattande byråkrati.

På denne bakgrunnen bør planen sendast tilbake for vidare bearbeiding og politisk forankring. Tilleggsforslag Planen skal særskilt involvere berørte boliger og involvere bredere i videre prosess

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Kommunestyres behandling av sak 67/2026 i møte 18.06.2026:

Innstilling fra administrasjon eller forrige behandling Kulturminneplanen for Vefsn kommune sendast tilbake til administrasjonen for vidare bearbeiding.

Planen skal leggjast fram for behandling i utval for Samfunnsutvikling og infrastruktur, dei øvrige politiske utvala og aktuelle råd før endeleg politisk behandling.

Det skal utarbeidast eit tydeleg mandat for kulturminneplanen som klargjer mål, avgrensingar og kriterium for vern.

Det skal utarbeidast retningslinjer som sikrar ein god balanse mellom bevaring av kulturhistoriske verdiar og eigarane sine moglegheiter til å vedlikehalde, utvikle og nytte eigedomane sine utan unødvendige kostnader eller byråkratiske hinder.

Det skal gjerast tydelege vurderingar av kva kulturminne og kulturmiljø som har dokumentert verneverdi, og kva kriterium som skal leggjast til grunn for slike vurderingar.

Grunngjeving Kulturminneplanen representerer eit omfattande og grundig arbeid, og det er lagt ned stor innsats frå administrasjon, fagmiljø og andre bidragsytarar. Planen tek opp viktige spørsmål om bevaring av Vefsn si historie og kulturarv. Samtidig meiner kommunestyret at planen manglar nokre grunnleggjande avklaringar som bør vere på plass før endeleg behandling. Det er ikkje tilstrekkeleg klargjort kva mandat som har lege til grunn for arbeidet, kva kulturminne og kulturmiljø som skal omfattast av planen, eller kva kriterium som skal vere avgjerande for vern. Det er også eit spørsmål om kva som skal vere grunnlaget for vernevurderingane. Formannskapet meiner at vern må byggje på dokumenterte kulturhistoriske verdiar og ein tydeleg fagleg grunngjeving, ikkje berre på alder eller nostalgiske omsyn. Det må avklarast kva som har særskild verneverdi, og kva som ikkje skal omfattast av planen. Kommunestyret meiner òg at omsynet til eigarane av aktuelle eigedomar må vektleggjast tydelegare. Kulturminnevern må utformast slik at eigarar framleis kan vedlikehalde, utvikle og nytte eigedomane sine utan unødvendige ekstrakostnader eller omfattande byråkrati.

På denne bakgrunnen bør planen sendast tilbake for vidare bearbeiding og politisk forankring.

Votering startet: 18.06.2026 11:44:31 og avsluttet: 18.06.2026 11:45:04 Forslaget er enstemmig vedtatt Stemte for partier: AP (9 stemmer), H (7 stemmer), FrP (5 stemmer), SP (3 stemmer), R (2 stemmer), SV (1 stemme), VTP (1 stemme) Stemte for personer: Anita Sommerset (AP), Hilde Thorstensen Rosvold (AP), Kenneth Wiik Søttar (AP), Rune Finsås Einrem (AP), Rune Krutå (AP), Tone Moby Røreng (AP), Trond Brattbakk (AP), Wenche Solli (AP), Ørjan Thorstensen Rosvold (AP), Eirik Heggli (FrP), Eirin Horrigmoe (FrP), Ken Iversen (FrP), Knut Johan Forsmo (FrP), Roald Johan Kjønnås (FrP), Alexander Zakarias Langvatn (H), Edgar Hauan (H), Hans Christian Digermul (H), Jan Fredrik Saue (H), Jørn Clausen (H), Malin Lynghaug (H), Vidar Iversen (H), Kari Bjerkli (R), Markus Gard Moen Ljøkjell (R), Kine Mosheim-Lysfjord (SP), Roar Seljevoll (SP), Sverre Kulstad (SP), Anita Jensen (SV), Atle Jørgensen (VTP)

Tilleggsforslag Fra Rune Finsås Einrem (AP) Planen skal særskilt involvere berørte boliger og involvere bredere i videre prosess

Votering startet: 18.06.2026 11:45:08 og avsluttet: 18.06.2026 11:45:28 Forslaget er enstemmig vedtatt Stemte for partier: AP (9 stemmer), H (7 stemmer), FrP (5 stemmer), SP (3 stemmer), R (2 stemmer), SV (1 stemme), VTP (1 stemme) Stemte for personer: Anita Sommerset (AP), Hilde Thorstensen Rosvold (AP), Kenneth Wiik Søttar (AP), Rune Finsås Einrem (AP), Rune Krutå (AP), Tone Moby Røreng (AP), Trond Brattbakk (AP), Wenche Solli (AP), Ørjan Thorstensen Rosvold (AP), Eirik Heggli (FrP), Eirin Horrigmoe (FrP), Ken Iversen (FrP), Knut Johan Forsmo (FrP), Roald Johan Kjønnås (FrP), Alexander Zakarias Langvatn (H), Edgar Hauan (H), Hans Christian Digermul (H), Jan Fredrik Saue (H), Jørn Clausen (H), Malin Lynghaug (H), Vidar Iversen (H), Kari Bjerkli (R), Markus Gard Moen Ljøkjell (R), Kine Mosheim-Lysfjord (SP), Roar Seljevoll (SP), Sverre Kulstad (SP), Anita Jensen (SV), Atle Jørgensen (VTP)

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 29. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.