Hopp til innhold
Søndag 22. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Surnadal · Saker

Interpellasjon til kommunestyretmøte 25.06.2026 - Møtefrekvensen i kommunale utvalg

Interpellasjon 5/26 · Kommunestyret 25. juni 2026 · Behandlet

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Interpellasjon fra Silje Beate Holten (SP)

Interpellasjon til kommunestyret 25.06.2026 vedrørande møtefrekvens i politiske organ

Underteikna ønskjer å løfte ei sak om møtefrekvens og informasjonsflyt mellom administrasjon og politiske organ i Surnadal kommune.

I løpet av dei siste åra har fleire kommunestyrerepresentantar gitt uttrykk for frustrasjon over at oppfølging av vedtak tek lang tid, og at informasjonsflyten mellom administrasjon og folkevalde opplevast som mangelfull. Etter mi vurdering kan noko av dette hengje saman med at møtefrekvensen i kommunestyret, formannskapet og hovudutvalet er for låg.

Den vedtekne møteplana vart i stor grad fastsett av omsyn til økonomi og ressursbruk. Samstundes ser vi at mindre antal møte kan føre til større avstand mellom administrasjon og politisk nivå, og at det blir vanskelegare for dei folkevalde å vere tett på utviklinga i viktige saker.

På denne bakgrunn ønskjer eg å stille følgjande spørsmål til ordføraren:

1. Ser ordføraren og administrasjonen behov for hyppigare møte i kommunestyret, formannskapet og hovudutval for tenesteutvikling for å sikre betre politisk involvering og informasjonsflyt?

2. Vil ordføraren ta initiativ til å utvide møteplanen for 2026 med:

• ekstra møte i kommunestyret i august 2026

• ekstra møte i kommunestyret i november 2026

• ekstra møte i formannskapet i august 2026

• om det er behov mtp sakshandsaming, ekstra møte i HTU i august 2026

Underteikna ønskjer vidare at kommunedirektøren, i samarbeid med ordføraren, legg fram forslag til aktuelle møtedatoar før fellesferien (veke 29–31), og at kommunestyret sine medlemmer blir orienterte om desse seinast 10. juli 2026.

Svar til interpellanten frå ordførar

Interpellasjonen er motteken måndag 15.6.2026 kl 15.02 hos Ordførar Hugo Pedersen. Det er innafor fristen,

jfr. møtereglementet:

4. Interpellasjonar og spørsmål Alle medlemmar kan stille spørsmål til leiaren, også om saker som ikkje står på sakslista, jf. kommunelova § 11-2. Interpellasjonar og spørsmål skal som hovudregel behandlast først i møtet.

4.1 Interpellasjonar

Ein interpellasjon er ei form for førehandsinnmeldt og grunngjeve spørsmål som skal besvarast i eit kommunestyremøte. Interpellasjonar skal sendast skriftleg inn til utvalsleiar seinast 5 virkedagar før møtet. I møtet:

1. Den som har sendt inn spørsmål (interpellanten) får ordet for å legge fram interpellasjonen, deretter svarar utvalsleiar.

2. Interpellant og svarar får ordet to gonger kvar, mens øvrige medlemmar kan få ordet éin gong kvar. Å legge fram interpellasjonen og svaret frå utvalsleiar tel ikkje som å få ordet til interpellasjonen nemnt i punkt 2. Ordstyrar gir interpellanten høve til siste innlegg.

3. Når ein interpellasjon blir behandla i eit organ, skal det i utgangspunktet ikkje treffast noko vedtak. Viss det kjem fram konkrete forslag til realitetsvedtak under behandlinga i møtet, skal dette forslaget bli sett på som ei "ny sak". Forslaget må da behandlast etter kommunelova § 11-3 femte ledd. "Saka" er ikkje lenger berre eit spørsmål som skal besvarast. Dette betyr at møteleiar eller minst 1/3 av de møtande medlemmar kan motsette seg behandling av forslaget til vedtak og avskjere en avstemming.

4. Retten som møteleiar og minst 1/3 av dei møtande medlemmane har til å avskjere behandlinga av ei ny sak, gjeld berre realitetsvedtak og ikkje vedtak om korleis den vidare behandlinga av saka (forslaget) skal gå føre seg. Eit forslag om å be administrasjonen komme tilbake til saka, eller at saka blir sett opp som ei vedtakssak i neste møte, blir gjenstand for avstemming.

5. Interpellasjonar, svar og eventuelle vedtak blir referert under referatsaker i

Silje Beate G. Holten sin interpellasjon:

Interpellasjon til kommunestyret 25.06.2026 vedrørande møtefrekvens i politiske organ

Underteikna ønskjer å løfte ei sak om møtefrekvens og informasjonsflyt mellom administrasjon og politiske organ i Surnadal kommune.

I løpet av dei siste åra har fleire kommunestyrerepresentantar gitt uttrykk for frustrasjon over at oppfølging av vedtak tek lang tid, og at informasjonsflyten mellom administrasjon og folkevalde opplevast som mangelfull. Etter mi vurdering kan noko av dette hengje saman med at møtefrekvensen i kommunestyret, formannskapet og hovudutvalet er for låg.

Den vedtekne møteplana vart i stor grad fastsett av omsyn til økonomi og ressursbruk. Samstundes ser vi at mindre antal møte kan føre til større avstand mellom administrasjon og politisk nivå, og at det blir vanskelegare for dei folkevalde å vere tett på utviklinga i viktige saker.

På denne bakgrunn ønskjer eg å stille følgjande spørsmål til ordføraren:

1. Ser ordføraren og administrasjonen behov for hyppigare møte i kommunestyret, formannskapet og hovudutval for tenesteutvikling for å sikre betre politisk involvering og informasjonsflyt?

2. Vil ordføraren ta initiativ til å utvide møteplanen for 2026 med:

• ekstra møte i kommunestyret i august 2026

• ekstra møte i kommunestyret i november 2026

• ekstra møte i formannskapet i august 2026

• om det er behov mtp sakshandsaming, ekstra møte i HTU i august 2026

Underteikna ønskjer vidare at kommunedirektøren, i samarbeid med ordføraren, legg fram forslag til aktuelle møtedatoar før fellesferien (veke 29–31), og at kommunestyret sine medlemmer blir orienterte om desse seinast 10. juli 2026.

Svar til interpellanten frå ordførar

Det som interpellanten tek opp er relevant og viktig. Eg kan forstå til ein viss grad opplevinga som folkevalde kjenner på når det gjeld informasjonsflyt. Samstundes er eg open for innspel korleis vi kan gjere det betre.

Det ligg svært mykje informasjon i Framsikt. Månadsrapportar, budsjett og økonomiplan, årsrekneskap og årsmelding, tertialrapportar og budsjettregulering ligg der som grundige oppslagsverk. Saksdokumenter og orienteringar gjev oss og mykje informasjon. Vi har og eit eiget team for kommunestyret.

Det er mogleg å stille spørsmål til både ordførar og kommunedirektør som skal svarast ut til alle, slik at vi som kollegium har den same informasjonen. Ref temamøte 17.6.2026 med prosessveileiar frå KS, Ove Sem.

Vi får og i dag ei detaljert orientering om omstillingsprosessen frå Kommunedirektøren.

Eg meinar vi som folkevalde er tett på utviklinga i viktige saker, men eg er open for diskusjon om dette.

Så til interpellanten sine spørsmål om møtefrekvens og samanheng med informasjonsflyt.

Svar spm 1:

Vi har i kommunestyremøtet 2.10.2025 sak 57/25 vedteke politisk møteplan for 2025. Der står det og at Ordførar eller aktuell utvalsleiar kan gjere endringar i denne i samråd med administrasjonen.

Vi er og med på KS sitt arbeid med berekraftig kommuneøkonomi, og har vedteke årshjul i februarmøtet i kommunestyret.

Møteplana og årshjulet skal også harmonisere med andre møter som til dømes regionråd og eigarmøter.

Eg trur det er hensiktsmessig med fleire møter i Formannskapet. Desse kan gjerne vere kortare og bære preg av arbeidsmøte og td vere kveldsmøter. Formannskapet er eit viktig utval og bør ver tett på i KS konsulent sitt arbeid.

Når det gjeld Kommunestyret og Hovudutval for Tenesteutvikling trur eg vi i utgangspunktet skal følgje ei møteplan som vi i dag har, men eg vil minne om at det i møtereglementet står:

1.3 Møteplan Kommunestyret godkjenner overordna møteplan for utval, hovudstyra, formannskap og kommunestyre. Møteplanen for det kommande året skal bli lagt fram minst ein månad før møteperioden startar. Denne planen skal danne grunnlaget for den folkevalde møteaktiviteten. Det kan likevel bli tilleggsmøte og det kan vere aktuelt å flytte på enkeltmøte. Ungdomsrådet vedtek sjølv si eiga møteplan. Ordførar/utvalsleiar/leiar eller minst 1/3 av medlemmane har fullmakt til å gjere endringar av møteplanen. Om det blir ei endring i møtekalender blir dette varsla til dei aktuelle medlemmane.

Dersom behovet er der så har vi moglegheit for å sette opp ekstra møter.

Vi har satt ned eit arbeidsutval som skal sjå på politisk struktur og eg håpar at dette temaet blir diskutert der.

Vi skal også evaluere årshjulet, og sette opp nytt årshjul med møteplan for neste år, og det er det kommunestyret som vedtek.

Svar spm 2:

Det er møte i kommunestyret 19. august, KS konsulent og rammekonferanse, formannskapsmøte 1. september og kommunestyremøte 10. september. Dette er ledd i budsjettprosessen. Her er det ikkje nødvendig å utvide møteplana.

Om det er behov for ekstra møter i HTU så er det fornuftig om det er behov for sakshandsaming. Det er det opp til utvalsleiar å vurdere, ref møteplana.

Dersom saksmengder og evt andre årsakar, gjer det naudsynt med ekstra kommunestyremøte i november 2026, så vil ordførar rådføre seg med kommunedirktøren og kalle inn til møte. Aktuelle møtedatoar kjem vi da tilbake til. ---- Eg legg ikkje opp til ei realitetsbehandling av forslag til vedtak i denne interpellasjonen, men opnar for diskusjon.

Hugo Pedersen, ordførar.

[Lagre innstilling] [Lagre endelig vedtak]

Interpellasjon til kommunestyremøte 25.06.2026 - Møtefrekvensen i kommunale utvalg Spørsmål – Grunngitte spørsmål som gjeld heilt konkrete forhold. Dersom medlemmet forventar svar på spørsmålet i møte, må dette vere levert skriftleg til utvalsleiar seinast to heile virkedagar før møtet

Ingen spørsmål kom inn i forkant av møtet.

Trond Håskjold (H) la fram følgjande spørsmål under møtet:

Etterlyser politisk sak ang. privatisering av kommunale vegar.

Kommunedirektør Lars Inge Kvande svarte på spørsmålet:

I budsjettsaka for inneværande år var spørsmålet om privatisering av kommunale vegar nevnt. Saka vil bli lagt fram til behandling i kommunestyret i løpet av høsten. Behandling av utvalgssak

Dokumenter

Flere saker fra samme møte

Kommunestyret 25. juni 2026.

Siste saker i kommunestyret

Alle saker i kommunestyret → · Folkevalgte i Surnadal →

Kilde: kommunens møteportal (Tieto Public 360 (OpenGov)), saken hos kommunen ↗, hentet 22. november 2026. Navn med lenke har profil her.