Interpellasjon til kommunestyremøte 25.06.2026 - Trafikksituasjonen for gåande og syklande langs Fv 327
Vedtak
Kommunestyret vedtok å ta forslaget opp til behandling.
Realitetsbehandling – Selve forslaget Innstilling frå ordførar
Kommunestyret samtykker til at brevet sendes Møre og Romsdal Fylkeskommune.
Kommunestyret samtykker til at brevet sendes Møre og Romsdal Fylkeskommune.
[Lagre innstilling] [Lagre endelig vedtak]
Interpellasjon til kommunestyremøte 25.06.2026 - Trafikksituasjonen for gåande og syklande langs Fv 327
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Interpellasjon fra Odd Magne Gulla (H)
Eg vil ta opp trafikksituasjonen for dei som sykler eller går påFV.327 som går ifrå Syltkrysset til Industrivegen.Denne vegen er ein av de vegane i kommunen med mest tungbiltrafikk som går ifrå industriområdet i Røtet og Surnadal Transport. Det er og barn og unge som skal på trening eller kamp på Syltøran fotballstadion eller fotballhall som bruker denne vegen. Det er denne vegen som står att,ellers så har vi gang og sykkelveg rundt bygda.Eg bur sjølv ved denne vegen så eg veit kor farleg det for mjuke trafikanter.Eg veit at det er fylket sitt ansvar,men meiner det kan virke positivt om om kommununestyret kan eines om å sende det som sak for fylket
Mvh. Odd Magne Gulla(H)
Svar til interpellanten fra ordførar
Interpellasjonen er motteken torsdag 13.6.2026 kl. 14.07 hos Ordførar Hugo Pedersen. Det er innafor fristen,
jfr. møtereglementet:
4. Interpellasjonar og spørsmål Alle medlemmar kan stille spørsmål til leiaren, også om saker som ikkje står på sakslista, jf. kommunelova § 11-2. Interpellasjonar og spørsmål skal som hovudregel behandlast først i møtet.
4.1 Interpellasjonar
Ein interpellasjon er ei form for førehandsinnmeldt og grunngjeve spørsmål som skal besvarast i eit kommunestyremøte. Interpellasjonar skal sendast skriftleg inn til utvalsleiar seinast 5 virkedagar før møtet. I møtet:
1. Den som har sendt inn spørsmål (interpellanten) får ordet for å legge fram interpellasjonen, deretter svarar utvalsleiar.
2. Interpellant og svarar får ordet to gonger kvar, mens øvrige medlemmar kan få ordet éin gong kvar. Å legge fram interpellasjonen og svaret frå utvalsleiar tel ikkje som å få ordet til interpellasjonen nemnt i punkt 2. Ordstyrar gir interpellanten høve til siste innlegg.
3. Når ein interpellasjon blir behandla i eit organ, skal det i utgangspunktet ikkje treffast noko vedtak. Viss det kjem fram konkrete forslag til realitetsvedtak under behandlinga i møtet, skal dette forslaget bli sett på som ei "ny sak". Forslaget må da behandlast etter kommunelova § 11-3 femte ledd. "Saka" er ikkje lenger berre eit spørsmål som skal besvarast. Dette betyr at møteleiar eller minst 1/3 av de møtande medlemmar kan motsette seg behandling av forslaget til vedtak og avskjere en avstemming.
4. Retten som møteleiar og minst 1/3 av dei møtande medlemmane har til å avskjere behandlinga av ei ny sak, gjeld berre realitetsvedtak og ikkje vedtak om korleis den vidare behandlinga av saka (forslaget) skal gå føre seg. Eit forslag om å be administrasjonen komme tilbake til saka, eller at saka blir sett opp som ei vedtakssak i neste møte, blir gjenstand for avstemming.
5. Interpellasjonar, svar og eventuelle vedtak blir referert under referatsaker i
Odd Magne Gulla sin interpellasjon:
Eg vil ta opp trafikksituasjonen for dei som sykler eller går påFV.327 som går ifrå Syltkrysset til Industrivegen.Denne vegen er ein av de vegane i kommunen med mest tungbiltrafikk som går ifrå industriområdet i Røtet og Surnadal Transport. Det er og barn og unge som skal på trening eller kamp på Syltøran fotballstadion eller fotballhall som bruker denne vegen. Det er denne vegen som står att,ellers så har vi gang og sykkelveg rundt bygda.Eg bur sjølv ved denne vegen så eg veit kor farleg det for mjuke trafikanter.Eg veit at det er fylket sitt ansvar,men meiner det kan virke positivt om om kommununestyret kan eines om å sende det som sak for fylket. Mvh. Odd Magne Gulla(H)
Ordføraren sitt svar:
Eg er glad for ditt engasjement og du peiker på noko svært viktig, trafikksikkerheit for barn og unge særskild, men det gjeld og for vaksne. FV327 eksisterer ikkje lenger. I 2019 blei FV327 lagt ned som eige vegnummer og strekninga blei da ein del av FV6152. FV6152 startar ved FV65 på Skei og går gjennom sentrum, nedover forbi ALTI-senteret, over Ørabrua og tar til høyre i veg-krysset ved Eiksenteret/Sveen Mekaniske og ender opp på Sylte ved Sylt-krysset/Jogarden.
Kort fortalt er FV327 den nederste delen av dagens FV6152 frå Eiksenteret i retning Sylte fram til Sylt-krysset ved Jogarden, en strekning på ca.1350 meter. Forslag til brev:
MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE SAMFERDSELSOMRÅDET Postboks 2500 6404 MOLDE
Deres referanse Vår referanse Saksbehandler Dato
22/00447-24 Hugo Pedersen 24.06.2026
Trafikksituasjonen langs deler av FV6152 – strekninga Sylte-Industrivegen
Surnadal kommune viser til fylkesveg 6152 og strekninga mellom vegkrysset på Sylte og fram til vegen møter Industrivegen i nedre Surnadal. (sjå kartutsnitt nedanfor merka med rødt)
Kommunen vil med dette rette ein tydeleg og sterk oppmoding til Møre og Romsdal fylkeskommune som vegeigar om å prioritere etablering av gang- og sykkelsti på denne strekninga.
Den aktuelle vegstrekninga er i dag skuleveg for mange barn og unge, samstundes som trafikkbildet er prega av betydeleg tungtrafikk til og frå industriområdet i nedre Surnadal. Kombinasjonen av mjuke trafikantar og omfattande tungtransport representerer ein uakseptabel risiko, spesielt for dei mest sårbare trafikantane. Surnadal kommune meiner at det er avgjerande å sikre denne strekninga før det skjer ei alvorleg trafikkulykke. Tiltaket vil vere eit viktig førebyggjande grep for å styrkje trafikktryggleiken i området.
Det er allereie etablert gang- og sykkelsti i begge endar av strekninga, men det manglar samanheng på ein delstrekning på om lag 1350 meter. Dette skaper eit brot i infrastrukturen for mjuke trafikantar og fører til at barn, unge og andre gåande og syklande må ferdast langs ein trafikkert fylkesveg utan tilfredsstillande tryggleik. I tillegg vil ein samanhengande gang- og sykkeltrase ha ein klar folkehelsegevinst. Ei slik løysing vil leggje til rette for auka fysisk aktivitet, gi fleire moglegheit til trygg ferdsel til fots og på sykkel, samt bidra til betre trivsel og auka bolyst for innbyggjarane langs denne strekninga.
Eit samla kommunestyre ber på bakgrunn av dette at Møre og Romsdal fylkeskommune prioriterer planlegging og utbygging av gang- og sykkelsti på den aktuelle strekninga langs FV6152 så raskt som mogleg.
Vi ser fram til ei tilbakemelding på korleis fylkeskommunen vil følgje opp saka.
På vegne av Surnadal kommune og Surnadal kommunestyre.
Hugo Pedersen ordførar ------------------------------------------------------
Ordførar meiner at det klokt å sende eit slikt brev med forankring i kommunestyret.
Eg vel å føreslå realitetsbehandling av saka om ikkje ein tredjedel av kommunestyrets medlemmar motset seg det.
Forslag til vedtak: Kommunestyret samtykker til at brevet sendes Møre og Romsdal Fylkeskommune.
Åpner først for diskusjon.
Hugo Pedersen, ordførar.
Prosesstvedtak – om saken tas opp til behandling
I forbindelse med ordførerens svar på interpellasjonen ble det fremmet forslag om ny behandling av saken. Forslaget ble ansett som et forslag til realitetsvedtak og dermed som ny sak, jf. kommuneloven § 11-3 femte ledd.
Voteringer
- VoteringVedtatt
26 for · 1 mot
- Sp 8 for
- H 7 for
- A 6 for / 1 mot
- FrP 2 for
- MDG 1 for
- R 1 for
- UA 1 for
Hvem stemte hva
For (26)
- Eva Jorid SvendsenA
- Helge RøvA
- Ingrid BergheimA
- Jorid AarvågA
- Ken Marius PedersenA
- Øystein HalleA
- Nils Petter TonningFrP
- Stian FaksnesFrP
- Arve Johansen ErvikH
- Bjørg AaH
- Kristin NyhagenH
- Mette Helen Strand MikkelsenH
- Odd Magne GullaH
- Tor Rune HalsetH
- Trond HåskjoldH
- Kjell Gunnar PoldenMDG
- Håvard FiskeR
- Allis Iren BæverfjordSp
- Bergsvein BrøskeSp
- Gøran BolmeSp
- Heidrun Kristine solstadSp
- Hugo PedersenSp
- Jan Henrik MoenSp
- Silje Beate HoltenSp
- Trude Enoksen KrangnesSp
- Kjell Johan LarsenUA
Mot (1)
- VoteringVedtatt
27 for · 0 mot · enstemmig
- Sp 8 for
- A 7 for
- H 7 for
- FrP 2 for
- MDG 1 for
- R 1 for
- UA 1 for
Hvem stemte hva
For (27)
- Annett RanesA
- Eva Jorid SvendsenA
- Helge RøvA
- Ingrid BergheimA
- Jorid AarvågA
- Ken Marius PedersenA
- Øystein HalleA
- Nils Petter TonningFrP
- Stian FaksnesFrP
- Arve Johansen ErvikH
- Bjørg AaH
- Kristin NyhagenH
- Mette Helen Strand MikkelsenH
- Odd Magne GullaH
- Tor Rune HalsetH
- Trond HåskjoldH
- Kjell Gunnar PoldenMDG
- Håvard FiskeR
- Allis Iren BæverfjordSp
- Bergsvein BrøskeSp
- Gøran BolmeSp
- Heidrun Kristine solstadSp
- Hugo PedersenSp
- Jan Henrik MoenSp
- Silje Beate HoltenSp
- Trude Enoksen KrangnesSp
- Kjell Johan LarsenUA
Dokumenter
Flere saker fra samme møte
Kommunestyret 25. juni 2026.
- 37/26Nordmøre regionråd IPR - val av nytt vararepresentant
- 36/26Busetting av flyktninger 2026
- 35/26Brekkøya Camping AS - klage på Kommunestyret sitt vedtak i sak 15/26 den 30.04.2026delt
- 34/26Frich's Hotel og Spiseri Surnadal AS - utviding av skjenkearealet
- 31/26Endring av samarbeidsavtalen mellom Helse Møre og Romsdal HF og Surnadal kommune
- 30/26Byggekontrakt helsehus - Etter høring
- 29/26Budsjettregulering 1.tertial
- 27/26Årsmelding og årsregnskap 2025
Siste saker i kommunestyret
- 29. okt. 2026Supleringsval av nye medlemmer i Ungdomsrådet
- 29. okt. 2026Endring av styresammensettinga i Surnadal frivilligsentral - Endring av vedtekter / formål
- 29. okt. 2026Sak til spørrekvarter 29.10.2026 -Jordmortenestadelt
- 29. okt. 2026Sak til spørrekvarter 29.10.2026 - Ørnhammarstien
- 10. sep. 2026Planinitiativ - reguleringsplan for Holtamoen datasenterdelt
- 10. sep. 2026Planinitiativ - Gnr/bnr 10/1, 10/6 - reguleringsplan for datasenter
Kilde: kommunens møteportal (Tieto Public 360 (OpenGov)), saken hos kommunen ↗, hentet 22. november 2026. Navn med lenke har profil her.