Hopp til innhold
Søndag 22. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Surnadal · Saker

Dialogkonferanse kl. 09:00 - 11:15

Sak 1/26 · Kommunestyret 30. april 2026 · Behandlet

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Innleiing til dialogkonferanse v/ordførar Hugo Pedersen, kommunedirektør Lars Inge Kvande og økonomisjef Vibeke Langli. Gruppearbeid – Dialogkonferanse kommunestyret Dato: 30.04.2026

Spørsmål som gruppene arbeidde med

1. Korleis sikrar vi ein god krisekommunikasjon – både internt og i dialog med innbyggjarane?

2. Korleis gje god administrativ og politisk støtte slik at einingane kan redusere tenesteproduksjonen i tråd med tildelt ramme («budsjettdisiplin i praksis»)?

3. Korleis sikrar vi ein god arbeidsform framover med gode diskusjonar i formannskapet og konklusjonar i kommunestyret?

4. Rammekonferansen 24. juni – kva tre område er viktigast å få avklart den dagen?

5. Surnadal 3.5 – innspel til korleis vi sikrar politisk involvering.

6. Månadsrapportane – fungerer dei som bestilt frå kommunestyret, og bør dei endrast?

Gruppe 1 Medlemmer: Hugo, Tor Rune, Jan Henrik, Kjell J., Bente, Jorid

Korleis sikrar vi ein god krisekommunikasjon – både internt og i dialog med innbyggjarane? Vi må vere ærlege og kommunikasjonen må vere samkøyrt frå administrativt og politisk hald. Det er gjort fleire vedtak om reduksjon av tilsette i Surnadal kommune, så da må vi også tore å seie at nokon vil miste jobbane sine.

Korleis gje god administrativ og politisk støtte slik at einingane kan redusere tenesteproduksjonen i tråd med tildelt ramme («budsjettdisiplin i praksis»)? Budsjettarbeid i einingane må gjerast meir strukturert: alle einingar må få beskjed om å seie kva som blir kutta dersom ramma blir redusert med 5 %, 10 %, 20 %, osv. Det gir politikarane betre beslutningsgrunnlag og tryggare vedtak.

Korleis sikrar vi ein god arbeidsform framover med gode diskusjonar i formannskapet og konklusjonar i kommunestyret? Politisk nivå må koplast på tidlegare i prosessen, og vedtatt reduksjon i møtefrekvens må evaluerast.

Månadsrapportane – fungerer dei som bestilt frå kommunestyret, og bør dei endrast? Tydeleg rapportering av utføring og framdrift av politiske vedtak. Dersom kommunedirektøren meiner eit vedtak er uklart, må han gi beskjed med ein gong. Månadsrapportane bør innehalde ei oppsummering med nøkkeltal. Gruppe 2 Medlemmer: Nils Petter Tonning, Øystein Halle, Bergsvein Brøske, Mette Helen Mikkelsen, Silje Beate Holten

Korleis sikrar vi ein god krisekommunikasjon – både internt og i dialog med innbyggjarane? Proaktivitet og openheit frå administrasjonen. Jamlege oppdateringar på korleis det går.

Korleis gje god administrativ og politisk støtte slik at einingane kan redusere tenesteproduksjonen i tråd med tildelt ramme («budsjettdisiplin i praksis»)? Politikarar må vise forståing og ikkje leggje stein til byrda. Einingane må vere betre opplyste om sjølve budsjettet og rollefordelinga i administrasjonen.

Korleis sikrar vi ein god arbeidsform framover med gode diskusjonar i formannskapet og konklusjonar i kommunestyret? Formannskapet bør vere eit dialogforum og arbeide meir samla. Kompetansen i formannskap og kommunestyre bør utnyttast betre.

Rammekonferansen 24. juni – kva tre område er viktigast å få avklart den dagen? Korleis ta høgde for det uforutsette som likevel er kjent. Nedbemanningsplan i tråd med vedtak om 20 + 16 årsverk.

Månadsrapportane – fungerer dei som bestilt frå kommunestyret, og bør dei endrast? Ta i bruk trafikkljos i månadsrapportane.

Gruppe 3 Medlemmer: Heidrun, Eva Jorid, Kristin, Gøran, Stian

Korleis sikrar vi ein god krisekommunikasjon – både internt og i dialog med innbyggjarane? Skifte fokus frå krise til endring. Bruke enkelt språk og god folkeskikk i dialog og debatt. Media har også ansvar for å unngå klikk-agn-overskrifter.

Korleis gje god administrativ og politisk støtte slik at einingane kan redusere tenesteproduksjonen i tråd med tildelt ramme («budsjettdisiplin i praksis»)? Anerkjenne og følgje opp tiltak som har effekt i tråd med vedtak. Utvala, særleg formannskapet, må ta dei største diskusjonane.

Korleis sikrar vi ein god arbeidsform framover med gode diskusjonar i formannskapet og konklusjonar i kommunestyret? Alle forslag må fram i utvala for å legge betre til rette for kommunestyret.

Rammekonferansen 24. juni – kva tre område er viktigast å få avklart den dagen? Avklare tenestenivå innan helse og oppvekst. Heilskapleg oversikt over eigedomsporteføljen. Sjå på moglegheiter for framtidige inntekter og næringsutvikling.

Surnadal 3.5 – innspel til korleis vi sikrar politisk involvering. Formannskapet må vere tett påkopla.

Månadsrapportane – fungerer dei som bestilt frå kommunestyret, og bør dei endrast? Månadsrapportane er greie, men må brukast meir aktivt for å snu negative trendar. Gruppe 4 Medlemmer: Bjørg, Kjell Gunnar, Ken Marius, Bjørn Gunnar, Mona

Korleis sikrar vi ein god krisekommunikasjon – både internt og i dialog med innbyggjarane? Tydelig og presis kommunikasjon som vert følgd opp – internt, politisk og mot innbyggjarane.

Korleis gje god administrativ og politisk støtte slik at einingane kan redusere tenesteproduksjonen i tråd med tildelt ramme («budsjettdisiplin i praksis»)? Klårleik rundt budsjettansvar. Einingsleiar har ansvar for å styre i tråd med ramma. Lojalitet begge vegar og tidleg melding om pålagde endringar.

Korleis sikrar vi ein god arbeidsform framover med gode diskusjonar i formannskapet og konklusjonar i kommunestyret? Meir tid til diskusjon og analyse i formannskap og kommunestyre. Mindre reine orienteringar, meir arbeidsformer som gruppearbeid.

Rammekonferansen 24. juni – kva tre område er viktigast å få avklart den dagen? Styrke politisk involvering, eigarskap og deltaking i strukturelle spørsmål.

Surnadal 3.5 – innspel til korleis vi sikrar politisk involvering. Heile formannskapet bør involverast.

Månadsrapportane – fungerer dei som bestilt frå kommunestyret, og bør dei endrast? Månadsrapportane har vorte meir informative og lettare å lese.

Gruppe 5 Medlemmer: Gunda, Axel, Ole Joar, Håvard

Korleis sikrar vi ein god krisekommunikasjon – både internt og i dialog med innbyggjarane? Alle må forstå realitetane – tala må kommuniserast tydeleg og likt til alle.

Korleis gje god administrativ og politisk støtte slik at einingane kan redusere tenesteproduksjonen i tråd med tildelt ramme («budsjettdisiplin i praksis»)? Vedtak som vert fatta må gjennomførast. God førebuing og informasjonsdeling før møta.

Korleis sikrar vi ein god arbeidsform framover med gode diskusjonar i formannskapet og konklusjonar i kommunestyret? Gruppeleiarar bør kunne drøfte store endringar mellom formannskap og gruppemøte.

Rammekonferansen 24. juni – kva tre område er viktigast å få avklart den dagen? Oppvekst, helse og teknisk. Struktur og leiing innan sjukeheim og helsehus.

Surnadal 3.5 – innspel til korleis vi sikrar politisk involvering. Formannskapet må vere rett samansett.

Månadsrapportane – fungerer dei som bestilt frå kommunestyret, og bør dei endrast? Meir samanliknbare tal frå tidlegare år og oversikt over tal årsverk. [Lagre innstilling] [Lagre endelig vedtak]

. Spørsmål - Grunngitte spørsmål gjeld heilt konkrete forhold. Dersom medlemmet forventar svar på spørsmålet i møte, må dette vere levert skriftleg til utvalsleiar seinast to heile virkedagar før møtet.

Spørsmål fra Mona Rita Brøske Rønning (Sp) Sender inn følgende spørsmål til spørrekvarteret i kommunestyremøte 30 april 2026:

Vi har flere ganger behandlet saken vedr. Hamnesvegen 537, gnr 72/1, Bygging av naust-vorr-stø. Mitt spørsmål er:

Hvordan saken ligger an nå. Dette er en sak som har pågått i flere år nå, og har vært behandlet i HTU i flere runder. -Samt at det har vært til behandling hos Statsforvalteren i Møre og Romsdal og hos settestatsforvalter i Trøndelag. Dette har vært en krevende sak,for både oss politikere og for søker. Ber i den anledning om en orientering fra administrasjonen, hva er status i saken nå?

Kommunedirektøren svarte på spørsmålet fra Mona Rita Brøske Rønning:

Statsforvaltaren i Trøndelag opphever klagen som Møre og Romsdal gjorde. Statsforvalteren i Trøndelag som klageinstans har gjennomgått saken og kommet til at Surnadal kommune sin avvisning av klagen stadfestes. Klagen har ikke ført frem og statsforvalteren i Trøndelag sitt vedtak er endelig og kan ikke klages på Det betyr at det vedtaket som Hovudutval for tenesteutvikling vedtok er gjeldende.

Spørsmål fra kommunedirektør Lars Inge Kvande Hvert år bevilger kommunestyret et beløp til fordeling mellom de politiske partiene i kommunen. Grunnlaget for fordelinga er resultatet ved siste kommunevalg – hvor statistikken fra Valgdirektoratet er fasit. I vedlegget «Partistøtte 2025» vises fordelingen og utbetalingen som ble gjort for budsjettåret 2025 – utbetalingen skjedde 29.12.2025. Ved avstemming av bankkonto oppdaget vi at beløpet som ble utbetalt til Surnadal SV kom i retur med den begrunnelse at bankkontoen var avsluttet. Jeg har nå snakket med Karina Kalvik som var førstekandidat på lista til Surnadal SV ved siste valg. Surnadal SV ble lagt ned i 2025 og gjenstående midler på bankkontoen ble overført til SV sitt regionkontor for Møre og Romsdal. Spørsmålet blir da hva Surnadal kommune skal gjøre med det returnerte beløpet. Hvordan skal slike tilfelle håndteres? Mogleg løysingar kan vere;

• Overføre lokallaget sin andel til regionkontoret?

• Fordele SV sin andel fordeles på de øvrige partiene?

• La andelen gå tilbake til kommuneregnskapet som «ikke disponert»

• Kjøpe inn noko ekstra til eit av møta i Kommunestyret – for eksempel det siste før ferien

• Eller noko heilt anna . . .

Ordføraren svarte på spørsmålet fra kommunedirektør Lars Inge Kvande:

Vi lar pengene stå litt til og oppfordrer SV til å starte opp igjen. Hvis ikke blir pengene gitt til partigruppen på fylket. Spørsmål frå Bente Mosbakk (Ap) Viser til reportasje i "Fagbladet" fra Surnadal angående den dårlige økonomien og eventuell nedbemanning. Ordføreren svarer i et intervju at ingen ansatte bør frykte for jobben sin, men at noen kan få andre oppgaver.

Spørsmål:

1. Er ordføreren riktig sitert? 2.Hvordan stemmer dette med flere vedtak i kommunestyret om nedbemanning?

Ordføraren svarte på spørsmålet fra Bente Mosbakk:

Ordføraren var intervjuet av Fagbladet. I intervjuet uttrykte han at ingen skal gå å være redd for å miste jobben sin. Vi står i en alvorlig situasjon og er i gang med en nedbanningsprosess, men det kan også skje ved naturlig avgang.

Spørsmål frå Ole Joar Karlstad Bruset (H) Statsforvalteren ga politikerne og Surnadal Kommune en stor tillitserklæring da de godkjente økonomiplan og bygging av Helsehus. Dette selv om vi havnet på ROBEK og må rydde opp i økonomien. Forventningen er tett oppfølging for å sikre innsparinger i tråd med vedtak.

Derfor etterspurte Høyre tidlig i vår status på uspesifisert kutt innenfor oppvekt med årseffekt på 5 millioner fra høsten. Svaret vi fikk var at dette var det en plan for.

Når vi leser månedsrapporten får vi et helt annet bilde. I tillegg til at oppvekst per mars har nesten 2 millioner i merforbruk, skriver SUBUS at:

"Dette innsparingstiltaket blei fordelt på oppvekst per elev/barn, og SUBUS endte da med eit ekstra-kutt på 1,6 millionar. Dette var ikkje ein del av prosessen på hausten 2025, og SUBUS er derfor uforberedt på å gjennomføre dette no."

"Omstilling i kommunen har gitt eininga to nye medarbeidarar. Desse beheld lønna si, og dette er det ikkje budsjettert for på SUBUS. Ytterlegare to medarbeidarar kjem til eininga ved skulestart i august. For desse var det planlagt at det skulle medfølgje ressursar, men desse ressursane er allereie kutta ved avsendar-eininga."

"Per i dag ligg skulen tett på lærarnorma, å gå under den vil sette oss i konflikt med opplæringslova."

"Oppvekst har allereie vore gjennom eit år med omstilling, men ingen har enda mista si stilling."

Derfor spør jeg igjen. Hvilke tiltak er tenkt å gjort innen oppvekst, og hvilke konsekvenser vil dette få for tilbudet?

Kommunedirektøren svarte på spørsmålet fra Ole Joar Karlstad Bruset:

Dette er et spørsmål vi må få litt mere tid til å svare på. Vi ser at situasjonen ved SUBUS er krevende, men dette er i tråd med det vedtaket kommunestyret gjorde i desember 2025. Administrasjonen kommer tilbake med et mere utfyllende svar. Orienteringssaker - Eksterne Orienteringar - Ordførar og administrasjon

1/26 Orienteringar - Ordførar og administrasjon

Orienteringar

• Brannsamarbeid Trøndelag v/brannsjef Tor Arne Moen

Orientering frå ordførar Hugo Pedersen

• Orientering om brev fra Statkraft, datert 16.02.2026 - Vurdering av ny kunnskap knyttet til konsesjonsvilkår for Follsjøreguleringen

• Representantskapsmøte og eiermøte i ReMidt IKS den 27.04.2026

• Generalforsamling i ReMidt Næring AS den 27.04.2026

• Orkdalspakken – styringsgruppemøte. Prosjektet Ordalspakken legges ned pga. at Orkland kommune ikke vil være med på bompengefinansiering. Styringsgruppen vil fortsette men det vil ikke bli nye møter før nye saker kommer på bordet. Fylkeskommunen var villig til å være med på finansieringen, men velger nå og bruke pengene på andre tiltak i Trøndelag.

• Trafikksikkerheta på Øye skoleområde. Handler mye om holdninger og hvordan vi kjører i trafikken. Nødvendig skilting mangler, men skal jobbe for at tiltak kommer.

• Surnadal demens- og helselag – Brosjyre vart utdelt til kommunestyre

• Mye positivt som skjer i Surnadal. Har vært på flere bedriftsbesøk og åpninger. Interpellasjon

Dokumenter

Flere saker fra samme møte

Kommunestyret 30. april 2026.

Siste saker i kommunestyret

Alle saker i kommunestyret → · Folkevalgte i Surnadal →

Kilde: kommunens møteportal (Tieto Public 360 (OpenGov)), saken hos kommunen ↗, hentet 22. november 2026. Navn med lenke har profil her.