Hopp til innhold
Søndag 22. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Rauma · Saker

Spørsmål og interpellasjoner

Spørsmål 70/26 · Rauma Kommunestyre 24. september 2026 · Behandlet

Vedtak

-

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Spørsmål til ordføraren frå representanten Janne Søvik (Ap):

Nasjonale medium har gjennom sommaren og hausten omtalt fleire alvorlege saker som gjeld tryggleik, kvalitet og kontroll i offentlege tenester. Dette er problemstillingar som også er relevante for Rauma kommune og innbyggjarane våre. Eg ønskjer derfor svar på følgjande spørsmål:

1. Kjøp av barnevernstenester og kontroll med private aktørar Det har den siste tida kome fram alvorlege opplysningar om kriminelle aktørar og personar med tilknyting til kriminelle miljø innan delar av barneverns- og velferdssektoren. Kva rutinar har Rauma kommune for å kontrollere private aktørar og underleverandørar som leverer tiltak og tenester til barnevernet? Korleis sikrar kommunen at personar som arbeider direkte med barn og unge, har nødvendig politiattest, og korleis følgjer kommunen opp dette gjennom kontraktsperioden?

Svar fra ordføreren:

Kommunen har eit ansvar for å sjå til at barn og unge får forsvarlege tenester, også når tiltak og tenester blir leverte av eksterne aktørar. Ansvarsforholda varierer avhengig av type tiltak og kven som er leverandør.

Når barn blir plasserte i institusjon, beredskapsheim eller fosterheim, skjer dette i hovudsak gjennom Bufetat. Det er då Bufetat som har ansvaret for godkjenning og kvalitetssikring av leverandørar og tiltak før dei blir tilbydde kommunane. For institusjonar fører Statsforvaltaren i tillegg tilsyn. Ved bruk av fosterheim, beredskapsheim og tilsynspersonar som kommunen sjølv rekrutterer, blir politiattest innhenta før oppdragsperioden startar. Dette gjeld også ved akutte plasseringar. I slike situasjonar blir politiet kontakta for kontroll av alle personar over 16 år som bur i heimen, før plasseringa blir gjennomført.

Ved innleige av konsulentar og andre fagpersonar gjennom private leverandørar er det leverandøren som har ansvaret for å innhente og kontrollere politiattestar, og for å sikre at personellet har nødvendig kompetanse for oppdraget. Barnevernstenesta følgjer opp den enkelte konsulenten gjennom sakshandsaming, rettleiing og samarbeid i kontraktsperioden, og har ansvar for å ta opp eventuelle bekymringar knytte til fagleg kvalitet eller utføringa av oppdraget med leverandøren. I gjennomgangen av eksisterande avtalar er det avdekt at det i avtalen med Fyrlykta ikkje går tilstrekkeleg tydeleg fram at leverandøren har ansvaret for innhenting og kontroll av politiattestar. For å unngå tvil om ansvarsforholda blir avtaleverket mellom Rauma kommune og Fyrlykta revidert omgåande.

Barnevernstenesta har samtidig eit kontinuerleg fokus på internkontroll og kvalitetsutvikling. Som ein del av internkontrollen går tenesta jamleg gjennom alle rutinar for å sikre at dei er oppdaterte, tilstrekkelege og i tråd med gjeldande regelverk. Der det blir avdekt behov, blir det utarbeidd nye rutinar.

Samla sett blir det vurdert at kommunen sin praksis tek vare på krava til kontroll, oppfølging og kvalitetssikring av tiltak og tenester som blir nytta av barnevernstenesta.

2. Eigenbetaling for tryggleiksalarm Det har vore merksemd rundt kommunane sin praksis og tolking av regelverket for eigenbetaling ved tildeling av tryggleiksalarm. Kva praksis har Rauma kommune for eigenbetaling for tryggleiksalarm, og har kommunen vurdert om dagens praksis er i samsvar med gjeldande regelverk og nasjonale føringar?

Svar fra ordføreren:

På bakgrunn av presiseringar frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, som er sende til alle kommunane i fylket, har Rauma kommune no gått gjennom praksisen vår for betaling av tryggleiksalarmar. Statsforvaltaren presiserer mellom anna at dersom det blir vurdert at ein tryggleiksalarm er ei nødvendig helse- og omsorgsteneste, kan kommunen ikkje krevje betaling for denne. Rauma kommune har fram til no teke betaling for alle tryggleiksalarmar. Fordi regelverket på dette området er komplisert og lett kan mistolkast, og fordi vi er opptekne av å ha ein korrekt praksis, har vi brukt nødvendig tid på å gå gjennom rutinane våre. I denne perioden stansa vi faktureringa av tryggleiksalarmar mellombels. Gjennomgangen avdekte behov for nye tildelingskriterium for tryggleiksalarm. Rauma, dei øvrige ROR-kommunane, samt Kristiansund og Ålesund kommunar, har no utarbeidd nye kriterium som er i tråd med regelverket. Rauma kommune vil gå gjennom vedtaka til dei som allereie har tryggleiksalarm. Dette er eit omfattande arbeid som vil ta tid. I samband med gjennomgangen av allereie gjeldande vedtak vil det også bli vurdert om brukaren har rett til tilbakebetaling av eigenandel. Dette gjeld vedtak frå dei siste tre åra.

3. Drikkevatnet i Innfjorden Fleire gonger har innbyggjarane fått melding frå Rauma kommune om mellom anna kokevarsel, endra smak og lukt, auka klordosering og funn av koliforme bakteriar i drikkevatnet i Innfjorden. Det er gjennomført vedlikehald på leidningsnettet og vask av høgdebasseng, men problema ser likevel ut til å kome tilbake. Kva meiner kommunen er årsaka til dei gjentakande problema, og kva konkrete tiltak vil bli gjennomførte for å sikre stabil og trygg drikkevasskvalitet i Innfjorden over tid?

Svar fra ordføreren:

Ved to tilfelle har abonnentane fått kokevarsel som følgje av påvising av bakteriar i drikkevatnet ved Innfjorden vassverk. Sistnemnde vart gjort greie for i formannskapet den 3. september 2025. Evalueringa etter desse hendingane viste at det var behov for forbetringstiltak for å kunne sikre hygienisk betryggande vatn ved Innfjorden vassverk. Det vart difor etablert eitt ekstra reinsetrinn som kan setjast i drift anten ved behov eller permanent. I tillegg til dagens UV-behandling vart det etablert moglegheit for å dosere klor for å desinfisere vatnet.

I etterkant har vi i periodar nytta dette ekstra reinsetrinnet.

1. På ettervinteren fraus nedføringsledningen for Vikdalskraft i stykker. Kommunen nyttar dette vatnet som hovudkjelde. I perioden fram til dette vart utbetra, vart reservekjelda nytta. Det førte til behov for å ta i bruk eit ekstra reinsetrinn i samband med flaumperiodar og periodar der dyr beita i området.

2. Det vert rutinemessig teke prøver av vatnet. Ved nokre tilfelle i sommar og tidleg haust har det vorte påvist utslag for koliforme bakteriar. I desse tilfella vert også det ekstra reinsetrinnet nytta.

Kommunen følgjer råda frå Folkehelseinstituttet:

«Funn av koliforme bakterier i drikkevannet indikerer en endring i vannkvaliteten som kan skyldes f.eks. svikt i vannbehandlingen, forekomst av biofilm i rørnettet, eller innsug av forurensninger i distribusjonssystemet. Siden de kan vokse i miljøet er de ikke en pålitelig indikator på fekal forurensing…» «...Tiltaksgrensen for koliforme bakterier i drikkevannsforskriften er 0 CFU/100 ml. Ved avvik bør årsaken avdekkes. Det er særlig viktig å undersøke at vannbehandlingen fungerer som forutsatt. Generelt bør ikke funn av koliforme bakterier være grunnlag for å sende ut kokeanbefaling, med mindre andre forhold eller avvik gjør det nødvendig.»

Tilhøve knytte til drikkevasskvalitet vert jamleg diskuterte med kommuneoverlegen og Mattilsynet. Kommunen arbeider systematisk med å levere hygienisk betryggande drikkevatn til abonnentane. Årsaka til utslag på koliforme bakteriar er det ofte ikkje mogleg å finne fasitsvar på. Det treng heller ikkje vere same årsaka som gjev utslag kvar gong. Det vert gjort tiltak for å avdekkje årsaker internt. Vi følger også opp ev. påverknader frå andre kjelder.

4. Politiattest for personar som arbeider med barn og unge Kva rutinar har Rauma kommune for å sikre at politiattest blir innhenta der lovverket krev det for tilsette og andre som gjennom arbeidet sitt har kontakt med barn og unge? Har kommunen også retningslinjer eller rettleiing som frivillige lag og organisasjonar – til dømes idrettslag, ungdomsklubbar og andre fritidstilbod – kan nytte for å sikre gode rutinar for politiattest og tryggleik for barn og unge?

Svar fra ordføreren:

Rauma kommune har rutinar for å ivareta kravet om gyldig politiattest i samband med tilsetjingar i stillingar der medarbeidaren skal utføre regelmessig arbeid i skular eller barnehagar. Rutinane blir sette i verk allereie ved gjennomføring av behovsanalysen, før ei stilling blir lyst ut. Ved tilsetjing blir politiattest innhenta frå den enkelte medarbeidaren tidleg nok til at attesten kan leggjast fram før tiltreding.

Verksemdsleiar kontrollerer at attesten ikkje inneheld merknader som er relevante etter opplæringslova § 17-11 eller barnehagelova § 30. Attesten blir ikkje kopiert eller lagra. Det blir notert i personalmappa at politiattesten er kontrollert, med dato for kontrollen.

Eit nyleg tilsyn frå Statsforvaltaren har avdekt at det i nokre tilfelle har vore svikt i rutinane for å dokumentere i personalmappa at politiattest er lagd fram. Som følgje av dette er det sett i verk relevant opplæring i aktuelle einingar.

Dersom attesten inneheld merknader, tek verksemdsleiar saka opp med personalavdelinga for vurdering før tilsetjinga blir gjennomført. Tiltreding blir utsett til vurderinga er avslutta. Dersom kandidaten ikkje legg fram attest innan avtalt frist, kan tiltreding ikkje skje. Verksemdsleiar handterer dette i samråd med HR. Rauma kommune har ikkje utarbeidd eigne rutinar eller retningslinjer som kan nyttast av frivillige lag og organisasjonar. Ordføraren vil i denne samanhengen gjere merksam på at mellom anna Norges idrettsforbund har utvikla ei gratis digital teneste som gjer det enklare for idrettslag å hente inn og registrere politiattestar. Frå nettsidene til Idrettsforbundet siterer eg:

«Den politiattestansvarlege har ansvar for at det krevjast og dokumenterast framvist politiattest for alle personar som utfører oppgåver for idrettslaget som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller personar med utviklingshemming.»

5. KI-briller/smartbriller i kommunale tenester Det har den siste tida vore offentleg merksemd rundt bruk av KI-briller/smartbriller med kamera og moglegheit for opptak, også i situasjonar der tilsette arbeider med barn. Slik teknologi reiser spørsmål om personvern, samtykke, teieplikt og tryggleik. Har Rauma kommune i dag retningslinjer for bruk av KI-briller, smartbriller og tilsvarande berbar teknologi i barnehagar, skular, helse- og omsorgstenester og andre kommunale tenester? Dersom slike retningslinjer ikkje finst: Vil kommunen vurdere å innføre mellombelse reglar eller restriksjonar fram til det eventuelt kjem tydelegare nasjonale føringar?

Svar fra ordføreren:

Rauma kommune har per i dag ikkje eit eige IKT-reglement for KI-briller, smartbriller eller tilsvarande teknologi. Slikt utstyr kan likevel ikkje nyttast fritt i tenesta. Kamera-, lyd- og sensordata kan vere personopplysningar, og bruk av slikt utstyr må ha eit klart formål og rettsleg grunnlag, og vere avgrensa til det som er nødvendig.

Utgangspunktet til Rauma kommune er at private KI-briller og smartbriller ikkje skal nyttast i tenesteutøvinga når dei kan ta opp, lagre eller overføre opplysningar om barn, elevar, pasientar, brukarar eller tilsette. Dette kan også kome i konflikt med lovbestemt teieplikt, mellom anna etter forvaltningslova § 13 og helsepersonellova § 21.

Ordføraren er gjort kjend med at kommunedirektøren vil innføre ei mellombels, teknologinøytral instruks som skal sikre at personvernet blir ivareteke. Instruksen vil presisere at private KI-briller, smartbriller eller anna berbart utstyr med kamera, mikrofon eller automatisk dataoverføring ikkje skal nyttast i tenesteutøvinga utan godkjenning.

-

Dokumenter

Flere saker fra samme møte

Rauma Kommunestyre 24. september 2026.

Siste saker i kommunestyret

Alle saker i kommunestyret → · Folkevalgte i Rauma →

Kilde: kommunens møteportal (Tieto Public 360 (OpenGov)), saken hos kommunen ↗, hentet 22. november 2026. Navn med lenke har profil her.