Hopp til innhold
Søndag 1. november 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Ulstein · Saker

Uttale i Suel-saka

Sak 14/24 · Kommunestyret 8. februar 2024 · Behandlet

Voteringer

  1. Forslag frå L. M. B. Anderson (Sp)Vedtatt

    Forslag fra L. M. B. Anderson (Sp)

    Forslagsteksten

    Uttale i saka til Suel Kassembo

    Ulstein kommunestyre er bekymra for handsaminga av asylsaka til Suel Kassembo. 

    Suel flykta til Noreg frå Burundi som 16-åring, då foreldra og systera hans vart drepne. Dette fortalte han då han kom til Noreg. Norske myndigheiter trudde ikkje på alderen, og meinte at han kom frå eit anna land. Om han hadde vorte trudd då han kom i 2004 hadde han fått opphald, og truleg vore norsk statsborgar i dag. Etter ein svært lang prosess fekk Suel sommaren 2023 endeleg tak i ein kopi av fødselsattesten sin, og dette er bevis på at han snakka sant den gongen. I staden for å innrømme at ein feil vart gjort i 2004, ønsker UNE å sende Suel ut av landet. 

    Vi ber om at Stortinget ser på om saka til Suel er godt nok handsama av UNE. Dersom ein person lyg når han eller ho kjem til Noreg, får det konsekvensar for både ein sjølv og familien dersom myndigheitene finn bevis på løgn. Ein risikerer då å verte utvist frå Noreg, sjølv om det har gått både 10 og 20 år. Dette har vi sett fleire eksempel på. Når ein person snakkar sant når ein kjem, skal ein ikkje få den same, rettferdige handsaminga? Bør ein ikkje gjere ei ny vurdering der ein tek omsyn til nye bevis i saka?

    Ulstein Kommunestyre ber om at

    - UNE gjer ei ny vurdering i saka til Suel Kassembo

    - UNE Stornemd gjer ei vurdering om saka er rett handsama

    Uttalen vert sendt til Mørebenken, Justisdepartementet, Kommunaldepartementet og partia på Stortinget.

    25 for · 0 mot · enstemmig

    • H 6 for
    • FrP 5 for
    • A 4 for
    • Sp 3 for
    • INP 2 for
    • KrF 2 for
    • Konservativt 1 for
    • SV 1 for
    • V 1 for
    Hvem stemte hva

    For (25)

    • Hanne NotøyA
    • Ivar MorkA
    • Magne GurskevikA
    • Marianne BreivikA
    • Alf Johan AntonsenFrP
    • Bennie Bantilan HansenFrP
    • Kjell Egil BarstadFrP
    • Knut Erik EnghFrP
    • Mariette GjerdeFrP
    • Egil UlfsteinH
    • Erlend EidemH
    • Hans Petter Th. UlsteinH
    • Oscar Overvåg TafjordH
    • Stian Skorgen ScheideH
    • Stig Ole BorgundvågH
    • Per Karsten ØdegårdINP
    • Sveinung SkeideINP
    • Arve Eldar FløKonservativt
    • Ingrid NerhoelKrF
    • Kjell Peter LundeKrF
    • Berit RoppenSp
    • Lisa Mari Breivik AndersonSp
    • Oddvar GjerdeSp
    • Morten FeiringSV
    • Berit LyngstadV

Kilde: kommunens møteportal (Kaukus), saken hos kommunen ↗, hentet 26. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.