Vidare framdrift av utgreiing av ei mogleg samanslåing av Herøy, Sande og Ulstein kommunar
Vedtak
Formannskapet 13.10.2026 vart sett opp mot Bennie Bantilan Hansen (Framstegspartiet) sitt forslag
1.
Kommunestyret tek kunnskapsgrunnlaget gjeldande kommunestruktur for kommunane Herøy, Sande og Ulstein til vitende
2.
Kommunestyret vedtek å gå vidare i prosessen med å vurdere ei mogleg samanslåing av kommunane Herøy, Sande og Ulstein. Innhaldet i neste fase (fase 2) skal vere i samsvar med det som er skissert i saksframlegget. Hovudfokus skal vere:
- Kommunikasjonsarbeid med formidling av hovudfunn frå utgreiing og høyringar.
- Koordinerte politiske møte mellom kommunane.
- Innbyggjarmedverknad gjennom strukturert innbyggjarhøyring og opne møte.
- Medarbeidarmedverknad gjennom medarbeidarhøyring og involvering av tillitsvalde.
- Vurdering av behov for eventuelle tilleggsutgreiingar.
3.
Tverrkommunal politisk styringsgruppe får mandat til å samordne prosessen vidare i fase 2 mellom dei tre kommunane.
4.
Kommunestyret sluttar seg til ein tentativ framdriftsplan i fire fasar. Det vil vere politiske avgjerdspunkt ved utgangen av kvar fase, der kommunestyra i dei tre kommunane vedtek om dei vil gå vidare til neste fase.
- Fase 1: Utgreiing. Ferdig oktober 2026.
- Fase 2: Analyse og medverknad. November 2026 – februar 2027
- Fase 3: Forhandling av intensjonsavtale. Mars 2027.
- Fase 4: Folkerøysting, innbyggarmedverknad og endeleg politisk handsaming. April – juni 2027.
5.
Kommunedirektøren får mynde til å iverksette eventuelle tilleggsutgreiingar i samråd med tverrkommunal politisk styringsgruppe.
6.
Det er ein føresetnad for gjennomføring at kostnadene vert finansierte fullt ut gjennom eksterne tilskot, og at tiltaka ikkje medfører auka netto kostnader for kommunane.
7.
Kommunestyret meiner at staten må ta eit tydeleg ansvar for å leggje til rette for frivillige kommunesamanslåingar gjennom gode, føreseielege og langsiktige insentivordningar. Ordningane bør både dekkje nødvendige eingongskostnader ved sjølve samanslåinga, og sikre økonomisk handlingsrom som reduserer risiko og gir føresetnader for å realisere ein økonomisk gevinst i eit langsiktig perspektiv.
Voteringer
- Formannskapet 13.10.2026 mot Forslag frå FrpVedtatt
17 for · 8 mot
- H 6 for
- A 4 for
- INP 2 for
- KrF 2 for
- SV 1 for
- Uavh. 1 for
- V 1 for
- Sp 3 mot
- FrP 5 mot
Hvem stemte hva
For (17)
- Aurora Dimmen BratliA
- Hanne NotøyA
- Magne GurskevikA
- Marianne BreivikA
- Egil UlfsteinH
- Erlend EidemH
- Hans Petter Th. UlsteinH
- Oscar Overvåg TafjordH
- Stian Skorgen ScheideH
- Stig Ole BorgundvågH
- Mona RisteINP
- Per Karsten ØdegårdINP
- Anders MyreneKrF
- Kjell Peter LundeKrF
- Morten FeiringSV
- Arve Eldar FløUavh.
- Eldar KnottenV
Mot (8)
- Alf Johan AntonsenFrP
- Bennie Bantilan HansenFrP
- Kjell Egil BarstadFrP
- Knut Erik EnghFrP
- Magnus Kleven EriksenFrP
- Berit RoppenSp
- Lisa Mari Breivik AndersonSp
- Oddvar GjerdeSp
Kilde: kommunens møteportal (Kaukus), saken hos kommunen ↗, hentet 26. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.