Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Kommunene · Sauda · Saker

Framtidas oppvekst. Strategiske retningsval og mandat for fase 3

Sak 72/2026 · Kommunestyret 21. september 2026 · Behandlet

Vedtak

1. Kommunestyret viser til arbeidet med Framtidas oppvekst og Framtidas helse og velferd. I tråd med verbalpunkt 15 i økonomiplanen for 2026- 2029 skal dei to prosjekta gjennomførast parallelt og vurderast i samanheng. Kommunestyret tek difor ikkje stilling til framtidig oppvekststruktur, lokalisering av eventuelle nye bygg eller andre langsiktige strukturval innan dei to tenesteområda før den samla saka etter punkt 4 er lagt fram for kommunestyret

2. Når rapporten frå arbeidet med Framtidas helse og velferd er ferdigstilt, skal kommunedirektøren legge denne fram som ei eiga sak for kommunestyret. Saka skal mellom anna synleggjere:

• Framtidige teneste- og kapasitetsbehov gitt demografiske endringar og endringar i mål og krav for tenestene

• Anbefalte tiltak og investeringar

• Prioritering og rekkefølgje mellom aktuelle tiltak

• Kvalitetssikra kostnadsoverslag

• Økonomiske konsekvensar for framtidig drift

3. Kostnadsberekningane og dei økonomiske konsekvensane av alternativa som er utgreidde i Framtidas oppvekst, mellom anna berekningane frå AFRY knytt til framtidig skule- og barnehagestruktur, skal kvalitetssikrast av ein kvalifisert ressurs før dei blir nytta som grunnlag for vidare politisk behandling. Det same gjeld kostnadsberekningar som blir lagt fram knyta til saka om Framtidas helse og velferd. Kommunedirektøren skal sikra at investeringskostnadene er realistiske, tilstrekkeleg dokumenterte og samanliknbare mellom alternativa.

4. Med bakgrunn i kunnskapsgrunnlaget frå Framtidas oppvekst og Framtidas helse og velferd skal kommunedirektøren legge fram ei samla sak om framtidige behov, investeringar, faglege- og økonomiske konsekvensar innan oppvekst og helse og velferd. Den samla saka skal synleggjere:

• Framtidige behov og utfordringar innan dei to tenesteområda

• Nødvendige og aktuelle investeringar og tiltak i form av ulike alternativ, der 0-alternativet er dagens situasjon

• Kommunen sitt økonomiske handlingsrom og dei økonomiske konsekvensane av dei ulike alternativa

• Arealbehov, infrastruktur og andre føresetnader for dei ulike alternativa

• Samanhengar og avhengigheiter mellom investeringane og anbefalt prioritering og investeringsrekkefølgje

Føremålet med saka er ei best mogleg utgreiing og analyse av konsekvensane av dei ulike alternativa, slik at kommunestyret har eit tilstrekkeleg grunnlag for å gjere samla og langsiktige vegval.

5. Kommunedirektøren sikrar at involvering og medverknad frå relevante råd, brukargrupper, tilsette og andre berørte partar undervegs i prosessen er best mogleg.

6. Kommunedirektøren legg inn naudsynte middel til det vidare arbeidet med Framtidas oppvekst og Framtidas helse og velferd i sitt forslag til budsjett for 2027.

7. Sakene skal leggjast fram når det nødvendige kunnskapsgrunnlaget ligg føre, og i samsvar med rekkefølgja i punkt 2-4, uavhengig av tidspunktet for behandlinga av budsjettet for 2027. Kvaliteten på grunnlaget for avgjerslene skal vege tyngre enn rask framdrift.

Behandling i møtet

Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.

Forslag fremmet av Paul Løyning H:

Forslag til vedtak skule og barnehage

1. Kommunestyret vedtar følgende strategiske valg (jf. vedlegg):

a) Fremtidig skolestruktur B: en felles barneskole

2. Fremtidig barnehagestruktur B: to kommunale barnehager.

a) En ønsker på nåværende tidspunkt ikke å sette i prioritert rekkefølge, men ønsker en sak på senare tidspunkt der mulighetene på de ulike tomtene blir synliggjort.

3. Kommunedirektøren får i oppdrag å ferdigstille prosjektmandatet for fase 3 på bakgrunn av de strategiske avklaringene kommunestyret gjør i punkt 2 i dette vedtaket.

4. Kommunedirektøren arbeider videre innenfor de vedtatte strategiske rammene og legger frem nye saker når det er behov for politiske avklaringer.

5. Kommunestyret vil bli holdt orientert om framdriften ved sentrale milepæler.

6. Kommunedirektøren arbeider vidare innenfor de vedtekne strategiske rammene og skal samordne det vidare arbeidet med prosjektet Framtidas helse og velferd der dette er relevant. --- Fellesforslag SP, KrF, Høyre, Rødt, Uavhengig fremmet av Lillian Nordengen SP:

1. Kommunestyret viser til arbeidet med Framtidas oppvekst og Framtidas helse og velferd. I tråd med verbalpunkt 15 i økonomiplanen for 2026- 2029 skal dei to prosjekta gjennomførast parallelt og vurderast i samanheng. Kommunestyret tek difor ikkje stilling til framtidig oppvekststruktur, lokalisering av eventuelle nye bygg eller andre langsiktige strukturval innan dei to tenesteområda før den samla saka etter punkt 4 er lagt fram for kommunestyret

2. Når rapporten frå arbeidet med Framtidas helse og velferd er ferdigstilt, skal kommunedirektøren legge denne fram som ei eiga sak for kommunestyret. Saka skal mellom anna synleggjere:

• Framtidige teneste- og kapasitetsbehov gitt demografiske endringar og endringar i mål og krav for tenestene

• Anbefalte tiltak og investeringar

• Prioritering og rekkefølgje mellom aktuelle tiltak

• Kvalitetssikra kostnadsoverslag

• Økonomiske konsekvensar for framtidig drift

3. Kostnadsberekningane og dei økonomiske konsekvensane av alternativa som er utgreidde i Framtidas oppvekst, mellom anna berekningane frå AFRY knytt til framtidig skule- og barnehagestruktur, skal kvalitetssikrast av ein kvalifisert ressurs før dei blir nytta som grunnlag for vidare politisk behandling. Det same gjeld kostnadsberekningar som blir lagt fram knyta til saka om Framtidas helse og velferd. Kommunedirektøren skal sikra at investeringskostnadene er realistiske, tilstrekkeleg dokumenterte og samanliknbare mellom alternativa.

4. Med bakgrunn i kunnskapsgrunnlaget frå Framtidas oppvekst og Framtidas helse og velferd skal kommunedirektøren legge fram ei samla sak om framtidige behov, investeringar, faglege- og økonomiske konsekvensar innan oppvekst og helse og velferd. Den samla saka skal synleggjere:

• Framtidige behov og utfordringar innan dei to tenesteområda

• Nødvendige og aktuelle investeringar og tiltak i form av ulike alternativ, der 0-alternativet er dagens situasjon

• Kommunen sitt økonomiske handlingsrom og dei økonomiske konsekvensane av dei ulike alternativa

• Arealbehov, infrastruktur og andre føresetnader for dei ulike alternativa

• Samanhengar og avhengigheiter mellom investeringane og anbefalt prioritering og investeringsrekkefølgje Føremålet med saka er ei best mogleg utgreiing og analyse av konsekvensane av dei ulike alternativa, slik at kommunestyret har eit tilstrekkeleg grunnlag for å gjere samla og langsiktige vegval.

5. Kommunedirektøren sikrar at involvering og medverknad frå relevante råd, brukargrupper, tilsette og andre berørte partar undervegs i prosessen er best mogleg.

6. Kommunedirektøren legg inn naudsynte middel til det vidare arbeidet med Framtidas oppvekst og Framtidas helse og velferd i sitt forslag til budsjett for 2027.

7. Sakene skal leggjast fram når det nødvendige kunnskapsgrunnlaget ligg føre, og i samsvar med rekkefølgja i punkt 2-4, uavhengig av tidspunktet for behandlinga av budsjettet for 2027. Kvaliteten på grunnlaget for avgjerslene skal vege tyngre enn rask framdrift. --- Følgende representanter tok ordet i saken: Siv Hege Lund (AP), Ann-Kristin Kalvik (AP), Ivar Tangeraas (H), Vegard Mjelkestøl (SP), Alan Thompson (R), Kristian Landro (KrF), Steinar Jørgensen (U), Aud Hege Jørgensen Hebnes (H), Janne Margrete Aabø (AP), Sigrid Bojesen Fattnes (SP), Andreas Rolfsen (H)

Avstemming:

Forslagene settes opp mot hverandre. Forslag fra AP, Høyre For: 9 AP, Høyre

Forslag fra SP, KrF, Rødt, U For: 10 SP, KrF, Rødt, U

Dokumenter

Kilde: kommunens møteportal (Sikri Elements), saken hos kommunen ↗, hentet 29. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.