Spørsmål til ordføraren frå Vidar Nedrebø (SP) og Magnar Mæland (KRF) - Russebussar
Vedtak
Kommunen publiserer ikke vedtaksteksten for seg. Den står i saksprotokollen ↗.
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Spørsmål fra Vidar Nedrebø (SP) og Magnar Mæland (KRF):
Når dette kommunestyret vert gjennomført vil russetida 2026 for mange være over. Perioden i i år har vore prega av færre bussar enn tidlegare, men dei har tidvis køyrt i vårt nærområde med hyppigare frekvens, og høgare volum enn før.
Trass varslar om ikkje å forstyrra dyrelivet i Brekko og Madlandsområdet, som er hekkeområde for fleire raudlista artar, har desse parkeringsplassane blir nytta som opphaldsplass fleire netter. Kva konsekvensar det vil ha for dyrelivet, både vilt og på gardane i området, vil ein truleg ikkje få svar på. Det samla tal timar innbyggarane langs vegane inn til Brekko, Oltedal og Dirdal har låge vakne dei siste vekene er betydeleg. Konsekvensane av desse uynskte forstyrringane har ført til både fysiske og psykiske plager.
Spørsmål:
Vil ordføraren ta initiativ til eit møte med nabokommunar, fylkeskommunen, statsforvaltaren, friluftsrådet og russen 2027 for å hindra at det vert ei like konfliktfylt russetid neste år?
Svar frå varaordfører Marit Høie (H) og ordførar Frode Fjeldsbø (AP):
Varaordfører:
Takk for spørsmålet.
Det er uakseptabelt at vi skal måtte bruke så mykje ressursar på å stanse sterkt uønskt åtferd frå vaksne menneske – åtferd som har store konsekvensar for naturmangfaldet, for husdyrvelferd, og som går på helsa laus for folk. I tillegg kjem omfattande forsøpling der russen oppheld seg.
Eg vil gjere greie for kva vi har gjort tidlegare og hittil i år, før ordføraren svarer på korleis vi skal prøve å forhindre liknande tilstandar neste år.
Problemet eskalerte etter pandemien. I 2022 var det store støyproblem i Brekko- og Madland-området. Kommunen undersøkte då handlingsrommet for å stenge vegar for busstrafikk, men dialogen med Statens vegvesen og Rogaland fylkeskommune (vegeigar) førte ikkje fram. Vi arbeider langs fire hovudaksar:
• Kommunikasjon med russen: Vi oppmodar russen til å halde seg unna, appellerer til miljømedvit og er samtidig tydelege på at vi vil bruke dei verkemidla vi har. Det krevjande å nå ut med informasjon fordi kontaktinfo på russepresidentane ofte ikkje er offentleg. Vi har derfor brukt ulike kanalar frå år til år. I år sende vi oppmodinga via russekontaktane ved alle dei vidaregåande skulane i regionen.
• Mediearbeid: Vi kontaktar media kvar vår for å få sett søkelys på problemet. Då parkeringsplassane i Brekko og på Madland blei stengde i år, flytta rullinga seg til fylkesveg 450 mot fylkesgrensa. Nattebråket kom då på toppen av ein allereie krevjande situasjon etter brannen hos Gilje Tre, noko som fekk brei medieomtale.
• Politiet: Vi har eit godt samarbeid med politistasjonssjefen i Sandnes, men oppfølginga er eit ressursspørsmål for politiet. Dei oppmodar innbyggjarane til å melde frå for å sikre oversikt over omfanget.
• Samarbeidspartnarar: Vi har hatt dialog med Rogaland fylkeskommune (vegeigar), Statens vegvesen og Jæren Friluftsråd. Parkeringsplassene i Brekko og på Madland blei stengde i år, men utover dette har altså ikkje dialogen ført til konkrete tiltak.
I tillegg arrangerte vi eit folkemøte for råka innbyggjarar i 2023.
Erfaringa viser at problemet flyttar på seg. Då vi oppmoda russen til å halde seg unna Brekko og Madland i 2023, aukte problema i Rettedalen. Då parkeringsplassane i same område blei stengde i år, blei rullinga i staden kanalisert innover langs fylkesveg 450. Etter medieomtale og dialog med politiet fredag 5. juni, har vi berre registrert to tilfelle av rulling på fylkesveg 450 (det eine utan musikkanlegget på gjennom dalførene).
Ordfører:
Så til Mælands og Nedrebøs spørsmål:
Ja. Eg vil ta eit initiativ i tråd med dykkar ynskje. I fyrste omgang vil eg drøfta dette med dei andre ordførarane i Jærrådet, slik eg har gjort tidigare år òg. Så kan me saman vurdera korleis dette kan bringast til eit endå høgare nivå. Me vil sjølvsagt også vidareføra det gode samarbeidet med politiet.
Dokumenter
Flere saker fra samme møte
Kommunestyret 15. juni 2026.
- 53/26Søknad om fritak fra politiske verv - Britt Elin Veen Mecea
- 51/26Valg av nytt medlem i brukerrådet
- 50/26Endelig behandling - endring av forskrift for minsteareal for hjortevilt og innføring av fellingsavgift i lokal forskrift
- 49/26Forvaltningsplan for hjortevilt i Gjesdal kommune - 2026 - 2030
- 48/26Samarbeidsavtale med Sandnes kommune om FACT ung
- 45/26Økonomirapport pr 30.04.2026 - 1. tertial
- 44/26Forutsetninger og rammer for handlings- og økonomiplan (HØP) 2027-2030
- 15/26Spørsmål fra Åsmund Kyllingstad (SP) - brannberedskap
Siste saker i kommunestyret
- 2. nov. 2026Revisjon kommunikasjonsstrategi
- 2. nov. 2026Endelig behandling - Lokal forskrift for bruk av restlysforsterkende og termiske siktemidler ved jakt på hjort
- 2. nov. 2026Fastsetting av lokal forskrift om satser for beregning av grunntilskudd [og ekstratilskudd] til private barnehager i Gjesdal kommune for tilskuddsåret 2027
- 2. nov. 2026Oppsigelse av samarbeidsavtale med Funkishuset
- 2. nov. 2026Økonomirapport pr 31.08.2026 - 2.tertial
- 2. nov. 2026Spørsmål til ordføraren frå Vidar Nedrebø (SP) - busskur og haldeplass
Kilde: kommunens møteportal (Tieto Public 360 (OpenGov)), saken hos kommunen ↗, hentet 22. november 2026. Navn med lenke har profil her.