Spørsmål til ordførar fra Vidar Nedrebø (SP)
Behandling i møtet
Forslagene og voteringen slik saksprotokollen beskriver dem.
Spørsmål frå Vidar Nedrebø (SP):
Bustadutvikling på Gilja
Det er stor etterspørsel etter bustadar både i regionen, og i kommunen. Mange ynskjer byggeklare tomter, også i dei indre delane av kommunen. Dette vil være eit positivt bidrag for å auka fødselstala i bygda. Sjølv om ein ser ein positiv tendens i år, så var det 4 ungar som søkte barnehageplass på Gilja i årets opptak.
I handlings- og økonomiplanen for 2026-29 vart det lagt inn midlar til eit samarbeid om bustadutvikling på Gilja. Nyleg var områder som er regulert til bustad lagt ut for sal på Gilja.
Har kommunen hatt dialog med grunneigarar om kjøp, og/eller utvikling av areal?
Har kommunen hatt dialog med den lokale byggebransjen for utvikling av eventuelle nye områder?
Svar frå ordførar Frode Fjeldsbø (AP):
Som Nedrebø heilt rett hevdar, er det god etterspurnad etter bustader og bustadtomter i kommunen. Gjesdal kommune veks, ikkje berre på Ålgård. Det tykkjer eg me skal vera glade for. Den demografiske utviklinga viser at me er attraktive, særleg for småbarnsfamiliar. Me stadfestar posisjonen som kommunen med den yngste befolkninga. Ingen andre kommunar har så høg andel mellom 0-18 år.
Me hadde eit møte med Gilje tre i midten av august 2025. Dei har gjeve uttrykk for at bustadtomter er viktig for at deira verksemd skal vera attraktiv som arbeidsplass. På dette møtet sa eg at Gjesdal kommune er interessert i eit samarbeid om å utvikla tomteareal på Gilja, men at det var svært viktig for oss med eit samarbeid både med denne bedrifta og med lokalt næringsliv elles.
Me var og samde om at me på kvar vår front skulle arbeida vidare med dette. Etter dette har jo me folkevalde løyvd pengar i budsjett for 2026, slik at me kan koma i gang. Gilje Tre skulle koma attende når dei hadde områdd seg og vore i dialog med andre verksemder i indre Gjesdal. Dei melde før påske at dei ynskjer eit nytt møte. Eg vil derfor syta for å invitera til eit nytt møte.
Dokumenter
Flere saker fra samme møte
Kommunestyret 13. april 2026.
- 37/26Energidepartementets forslag til endring av konsesjonskraftprisen - høringssvar fra Gjesdal kommune
- 36/26Nyvalg etter flytting - Roza Garvik (FRP)
- 35/26Nyvalg etter flytting -John Garvik (FRP)
- 34/26Søknad om fritak fra verv - Sem Lima
- 33/26Søknad om fritak fra politiske verv - Kåre Idland
- 32/26Valg av kommunale vigslere
- 31/26HMS årsrapport 2025
- 30/26Kvalitetsmelding Gjesdalskolen 2025
Siste saker i kommunestyret
- 2. nov. 2026Revisjon kommunikasjonsstrategi
- 2. nov. 2026Endelig behandling - Lokal forskrift for bruk av restlysforsterkende og termiske siktemidler ved jakt på hjort
- 2. nov. 2026Fastsetting av lokal forskrift om satser for beregning av grunntilskudd [og ekstratilskudd] til private barnehager i Gjesdal kommune for tilskuddsåret 2027
- 2. nov. 2026Oppsigelse av samarbeidsavtale med Funkishuset
- 2. nov. 2026Økonomirapport pr 31.08.2026 - 2.tertial
- 2. nov. 2026Spørsmål til ordføraren frå Vidar Nedrebø (SP) - busskur og haldeplass
Kilde: kommunens møteportal (Tieto Public 360 (OpenGov)), saken hos kommunen ↗, hentet 22. november 2026. Navn med lenke har profil her.