Interpellasjon fra Anne Kristin Bruns (KrF) til bystyret 19.01.2026 vedr. skolegudstjenester
Vedtak
Ordfører takket for interpellasjonen og ga følgende svar:
Det heiter seg at jula ofte kjem litt overraskande på kjerringa. For ordføraren kjem det ikkje like overraskande at vi kvart år har skulegudsteneste som tema i ein eller annan variant.
Når det er sagt, er ordføraren samd i at kristendommen har hatt og har stor betydning for norsk kultur, tradisjon og samfunnsutvikling, og at kunnskap om denne arven er ein viktig del av opplæringa i skulen.
Samstundes er det eit grunnleggjande prinsipp i norsk skule at opplæringa skal vere inkluderande, livssynsnøytral og i tråd med krava i opplæringslova om at det ikkje skal drivast forkynning.
Til spørsmål 1: Korleis legg kommunen til rette for at alle elevar får tilbod om å delta på ei skulegudsteneste?
Kommunedirektøren vurderer at deltaking i skulegudsteneste kan vere ein del av aktivitetstilbodet i skulen før jul og påske, og at skulane i Stavanger har full anledning til å leggje til rette for at elevane får tilbod om å delta på skulegudstenester i samarbeid med Den norske kyrkja eller andre trussamfunn, innanfor ramma av gjeldande regelverk.
Utdanningsdirektoratet presiserer i eigen rettleiing at skulegudstenester kan gjennomførast, føresett at:
- deltaking er frivillig
- føresette og elevar får god og tydeleg informasjon på førehand
- retten til fritak blir respektert
- skulen tilbyr eit likeverdig alternativt opplegg for dei som ikkje deltek
Same rettleiing presiserer at skulegudstenester ikkje er i strid med forbodet om forkynning.
Dette er føringar som ligg til grunn for Stavanger kommune si praksis.
Den enkelte skule vurderer, i dialog med føresette og lokale aktørar, om og korleis skulegudsteneste blir gjennomført, og har ansvar for at både informasjon, fritaksordning og alternativt opplegg er forsvarleg ivareteke.
Til spørsmål 2: Kor mange skular i kommunen tilbyr elevane skulegudsteneste?
Kommunalsjef for skulane har informert om at deltaking i skulegudstenester er relativt utbreidd ved skulane i kommunen.Samstundes blir det ikkje ført ei oversikt over kor mange skular som årleg legg til rette for deltaking i skulegudsteneste.
Interpellanten takket for svar.
Dokumenter
Kilde: kommunens møteportal (DigDem), møtet hos kommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Navn med lenke har profil her.