Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


← Høringer

Høring · Utdannings- og forskningskomiteen · 22. april 2021

Endringar i opplæringslova, friskulelova og barnehagelova (behandling av personopplysningar, fjernundervisning o.a.)

Saken og voteringene →Saken på stortinget.no ↗Dokumentet ↗

Om saken

Stortinget har behandla eit forslag til endringar i opplæringslova, friskolelova og barnehagelova. Forslaga gjeld særleg to område. Det første er regulering av behandling av personopplysningar innan barnehage og grunnopplæringa. Det andre gjeld gjennomføring av opplæringa som fjernundervisning. Endringane om personsopplysningar vert vedteke. Forslaga om fjernundervisning vart ikkje vedtekne, men eit forslag frå Framstegspartiet om å gje friskolar tilsvarande rett til å gi fjernundervisning som offentlege skolar har etter gjeldande lov, fekk fleirtal.

Saksordfører
Marit ArnstadSp
Status
Behandlet 27. mai 2021 · Vedtak i samsvar med innstillingen med avvik/tillegg

Skriftlige innspill (5)

  • 21. apr. 2021
    Barneombudet – Skriftlig innspill til Prop. 145 L (2020-2021) - Fjernundervisning

    Barneombudet ønsker å gi innspill til forslaget om å lovfeste en utvidet adgang til fjernundervisning i friskoleloven og opplæringsloven. Forslaget bygger på endringene som er foreslått i NOU 2019:23 Ny opplæringslov, og innebærer at det …

  • 22. apr. 2021
    Forandringsfabrikken – Innspill til prop. 145 L

    Innspill til prop. 145 L Endringar i opplæringslova, friskulelova og barnehagelova (behandling av personopplysningar, fjernundervisning o.a) Innspillet består av to deler Et forslag til merknad for å sikre barns grunnleggende rettigheter i …

  • 22. apr. 2021
    Foreldreutvalget for grunnopplæringen – Endringar i opplæringslova, friskulelova og barnehagelova

    FUG sine innspill til lovforslag om behandling av personopplysninger De nasjonale foreldreutvalgene for både grunnopplæringen og barnehager, FUG og FUB, var i det vesentligste positive i første høringsrunde til de lovforslag knyttet til …

  • 22. apr. 2021
    KS – KS høringsinnspill til foreslåtte lovendringer om fjernundervisning og personopplysninger

    Ny § 8-4 Fjernundervisning. KS mener prinsipalt at en lovregulering av fjernundervisning bør gjøres når Stortinget behandler regjeringens forslag til ny opplæringslov, som er ventet lagt fram senere i år. I høringsuttalelsen til …

  • 22. apr. 2021
    Utdanningsforbundet – Høring av Prop. 145 L (2020 –2021) - innspill fra Utdanningsforbundet

    Vi viser til lovforslag fra Kunnskapsdepartementet i Prop. 145 L (2020-2021) om endringer i reglene om personopplysninger, fjernundervisning o.a. Utdanningsforbundet viser til at regjeringen i 2017 oppnevnte et utvalg som fikk i oppgave å …

Slik ble det stemt (7)

  1. Forslag nr. 4 - 8 på vegne av H, V og KrF.Falt

    31 for · 56 mot · 82 ikke til stede · 27. mai 2021

    • H 24 for
    • KrF 3 for
    • V 3 for
    • MDG 1 mot
    • R 1 mot
    • SV 5 mot
    • Sp 9 mot
    • FrP 15 mot
    • A 1 for / 25 mot

    Stemte annerledes enn partiet: Lene Vågslid (A, for)

    Hva det ble stemt over

    Forslag nr. 4 fra H, V, KrF

    I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa gjøres følgende endringer:

    § 2-12 tredje ledd skal lyde:

    For private grunnskolar gjeld også §§ 2-2, 2-5 første, andre, tredje og sjette ledd, 2-11, 8-2, 8-4, 9-1, 9-2, 9-3, 9-4, 9-5, 9-6, 9-7, kapittel 9 A, §§ 10-1, 10-2, 10-6, 10-6a, 10-9, 11-1, 11-2, 11-4, 11-7, 11-10, 13-3b, 13-5, 13-7a, 13-10, 14-1, 14-4, 15-3, 15-4 og 15-10.

    Forslag nr. 5 fra H, V, KrF

    Ny § 8-4 skal lyde:

    § 8-4 Fjernundervisning

    Delar av opplæringa kan gjennomførast utan at læraren er til stades saman med elevane som fjernundervisning. Fjernundervisning kan brukast dersom kommunen og fylkeskommunen kan godtgjere at det er gode grunnar for det og opplæringa vil vere trygg og pedagogisk forsvarleg. Fjernundervisninga må gjennomførast slik at elevane og læraren kan kommunisere effektivt med tekniske hjelpemiddel.

    At det må vere gode grunnar til å gjennomføre opplæringa som fjernundervisning, betyr at fordelane for elevane må vere større enn ulempene ved å gjennomføre opplæringa slik. Fordelar kan mellom anna vere moglegheit til å få tilbod i fag som elles ikkje ville vore mogleg, og moglegheit til å få betre tilpassing ut frå nivå.

    I vurderinga av om det vil vere trygt og pedagogisk forsvarleg å gi delar av opplæringa som fjernundervisning, skal det mellom anna takast omsyn til elevane si moglegheit til læring, utvikling, trivsel og sosial samkjensle. Det skal også takast omsyn til om skolen har nødvendig og eigna utstyr og kompetanse til å gi slik opplæring.

    At elevane og læraren må kunne kommunisere effektivt, betyr at elevane må ha tilsvarande moglegheit for fagleg hjelp og oppfølging som om læraren var fysisk til stades. Dessutan må læraren ha tilsvarande moglegheit til å gi opplæring, gjere vurderingar og registrere eventuelt fråvær. Dei tekniske løysingane som blir nytta, må leggje til rette for kommunikasjon i sanntid eller med kort responstid.

    Elevane skal som hovudregel få fjernundervisning på skolen. Ein elev i grunnskolen kan få fjernundervisning andre stader enn på skolen i særlege tilfelle. Ein elev i vidaregåande skole kan få fjernundervisning andre stader enn på skolen i særlege tilfelle eller etter avtale med rektor.

    Departementet kan gi forskrift om fjernundervisning, mellom anna om ytterlegare innskrenkingar eller krav til fjernundervisninga.

    Forslag nr. 6 fra H, V, KrF

    I lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar gjøres følgende endringer:

    § 1-2 tredje ledd skal lyde:

    Lova gjeld ikkje kjøp av opplæringstenester med unntak av kjøp av opplæringstenester ved gjennomføring av fjernundervisning i samsvar med § 3-4c.

    Forslag nr. 7 fra H, V, KrF

    Ny § 3-4c skal lyde:

    § 3-4c Fjernundervisning

    Delar av opplæringa kan gjennomførast utan at læraren er til stades saman med elevane som fjernundervisning. Fjernundervisning kan brukast dersom styret ved skolen kan godtgjere at det er gode grunnar for det og opplæringa vil vere trygg og pedagogisk forsvarleg. Fjernundervisninga må gjennomførast slik at elevane og læraren kan kommunisere effektivt med tekniske hjelpemiddel.

    At det må vere gode grunnar til å gjennomføre opplæringa som fjernundervisning, betyr at fordelane for elevane må vere større enn ulempene ved å gjennomføre opplæringa slik. Fordelar kan mellom anna vere moglegheit til å få tilbod i fag som elles ikkje ville vore mogleg, og moglegheit til å få betre tilpassing ut frå nivå.

    I vurderinga av om det vil vere trygt og pedagogisk forsvarleg å gi delar av opplæringa som fjernundervisning, skal det mellom anna takast omsyn til elevane sin moglegheit til læring, utvikling, trivsel og sosial samkjensle. Det skal også takast omsyn til om skolen har nødvendig og eigna utstyr og kompetanse til å gi slik opplæring.

    At elevane og læraren må kunne kommunisere effektivt, betyr at elevane må ha tilsvarande moglegheit for fagleg hjelp og oppfølging som om læraren var fysisk til stades. Dessutan må læraren ha tilsvarande moglegheit til å gi opplæring, gjere vurderingar og registrere eventuelt fråvær. Dei tekniske løysingane som blir nytta, må leggje til rette for kommunikasjon i sanntid eller med kort responstid.

    Elevane skal som hovudregel få fjernundervisning på skolen. Ein elev i grunnskolen kan få fjernundervisning andre stader enn på skolen i særlege tilfelle. Ein elev i vidaregåande skole kan få fjernundervisning andre stader enn på skolen i særlege tilfelle eller etter avtale med rektor.

    Departementet kan gi forskrift om fjernundervisning, mellom anna om ytterlegare innskrenkingar eller krav til fjernundervisninga. Departementet kan òg gi forskrift om rapportering og dokumentasjon ved bruk av fjernundervisning.

    Forslag nr. 8 fra H, V, KrF

    § 6A-7 skal lyde:

    § 6A-7 Andre føresegner

    Følgjande føresegner i denne lova gjeld så langt dei passar for skolar etter dette kapittelet:

    • a) § 1-2 om verkeområdet

    • b) § 2-2 om krav til verksemda til skolen, med unntak av tredje ledd. Dersom ein skole etter dette kapittelet har færre enn 10 elevar tre skoleår i samanheng, fell godkjenninga bort

    • c) § 2-4 om krav til skoleanlegg og skolemiljø

    • d) § 3-3 tredje ledd om skolegangen

    • e) § 3-4 om organisering av elevane i klassar eller basisgrupper

    • f) § 3-4a om tilpassa opplæring

    • g) § 3-4c om fjernundervisning

    • h) § 3-9 om ordensreglement

    • i) § 3-15 om forbod mot bruk av klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet

    • j) § 4-1 om leiing

    • k) § 5-1 om styret, med unntak av bokstavane a og c

    • l) § 5-2 om styret sine oppgåver, med unntak av bokstavane a og e

    • m) § 5-3 om elevråd, med unntak av første ledd første og andre punktum

    • n) § 7-1 om budsjett, rekneskap og rapportering

    • o) § 7-2 om tilsyn m.m.

    • p) § 7-2a om moglege reaksjonsformer, med unntak av fjerde ledd.

    • q) § 7-2b om karantene

    • r) § 7-3 om teieplikt

    • s) § 7-9 første og femte ledd om behandling av personopplysningar.

  2. Forslag nr. 1 - 3 på vegne av A, Sp og SV.Falt

    43 for · 44 mot · 82 ikke til stede · 27. mai 2021

    • A 26 for
    • Sp 9 for
    • SV 5 for
    • MDG 1 for
    • R 1 for
    • V 1 for / 2 mot
    • KrF 3 mot
    • FrP 15 mot
    • H 24 mot

    Stemte annerledes enn partiet: Ketil Kjenseth (V, for)

    Hva det ble stemt over

    Forslag nr. 1 fra A, Sp, SV

    I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa skal ny § 15-10 andre ledd siste punktum lyde:

    Eleven sin rett til informasjon og å uttale seg fritt må ivaretakast.

    Forslag nr. 2 fra A, Sp, SV

    I lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar skal ny § 7-9 andre ledd siste punktum lyde:

    Eleven sin rett til informasjon og å uttale seg fritt må ivaretakast.

    Forslag nr. 3 fra A, Sp, SV

    I lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehager skal ny § 47 a andre ledd siste punktum lyde:

    Barnets rett til informasjon og å uttale seg fritt må ivaretas.

  3. Forslag nr. 9 på vegne av FrP.Vedtatt

    44 for · 43 mot · 82 ikke til stede · 27. mai 2021

    • H 23 for / 1 mot
    • FrP 15 for
    • V 3 for
    • KrF 2 for / 1 mot
    • MDG 1 mot
    • R 1 mot
    • SV 5 mot
    • Sp 9 mot
    • A 1 for / 25 mot

    Stemte annerledes enn partiet: Trond Giske (A, for), Mari Holm Lønseth (H, mot), Tore Storehaug (KrF, mot)

    Hva det ble stemt over

    Forslag nr. 9 fra FrP

    I lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar gjøres følgende endringer:

    § 1-2 tredje ledd skal lyde:

    Lova gjeld ikkje fjernundervisning og kjøp av opplæringstenester utanom fjernundervisning som det er tillate å gi i offentlege skolar. Departementet kan gi forskrift om rapportering og dokumentasjon ved bruk av fjernundervisning.

    § 6A-7 skal lyde:

    • § 6A-7 Andre føresegner

    Følgjande føresegner i denne lova gjeld så langt dei passar for skolar etter dette kapittelet:

    • a) § 1-2 om verkeområdet

    • b) § 2-2 om krav til verksemda til skolen, med unntak av tredje ledd. Dersom ein skole etter dette kapittelet har færre enn 10 elevar tre skoleår i samanheng, fell godkjenninga bort

    • c) § 2-4 om krav til skoleanlegg og skolemiljø

    • d) § 3-3 tredje ledd om skolegangen

    • e) § 3-4 om organisering av elevane i klassar eller basisgrupper

    • f) § 3-4a om tilpassa opplæring

    • g) § 3-9 om ordensreglement

    • h) § 3-15 om forbod mot bruk av klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet

    • i) § 4-1 om leiing

    • j) § 5-1 om styret, med unntak av bokstavane a og c

    • k) § 5-2 om styret sine oppgåver, med unntak av bokstavane a og e

    • l) § 5-3 om elevråd, med unntak av første ledd første og andre punktum

    • m) § 7-1 om budsjett, rekneskap og rapportering

    • n) § 7-2 om tilsyn m.m.

    • o) § 7-2a om moglege reaksjonsformer, med unntak av fjerde ledd.

    • p) § 7-2b om karantene

    • q) § 7-3 om teieplikt

    • r) § 7-9 første og femte ledd om behandling av personopplysningar.

  4. Stor bokstav A.Vedtatt

    Enstemmig · 27. mai 2021

  5. Lovens overskrift og loven i sin helhet.Vedtatt

    Lovteknisk votering – telles ikke i stemmegivningen

    Enstemmig · 27. mai 2021

  6. Stor bokstav B romertall IVedtatt

    Enstemmig · 27. mai 2021

  7. Stor bokstav B romertall IIVedtatt

    56 for · 30 mot · 83 ikke til stede · 27. mai 2021

    • A 26 for
    • FrP 15 for
    • Sp 8 for
    • SV 5 for
    • MDG 1 for
    • R 1 for
    • KrF 3 mot
    • V 3 mot
    • H 24 mot
    Hva det ble stemt over

    Forslag Komiteens tilråding B. II.

    Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag om fjernundervisning i lovproposisjonen om ny opplæringslov.

Kilde: Stortingets åpne data (NLOD). Innspill fra privatpersoner vises uten navn og tekst; de kan leses på stortinget.no under saken. Fordelingen per parti er bare med når noen stemte for og noen mot.