Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Uttale: Styrk dei statlege hav- og havbruksarbeidsplassane i Bergen, ikkje svekk dei!

PS 147/26 · Fylkestinget 29. september 2026 · Behandlet

Voteringer

  1. Styrk dei statlege hav- og havbruksarbeidsplassane i Bergen, ikkje svekk dei!Vedtatt

    Alternativforslag fra Kine Bratli Dale (Bergenslisten, A)

    Forslagsteksten

    Vestland fylkesting registrerer med uro at det går føre seg politiske initiativ for å flytte framtidige statlege hav- og havbruksarbeidsplassar bort frå Vestland og regionshovudstaden vår, Bergen. Vestland er det leiande havfylket i landet, og Bergen er den fremste marine kunnskaps- og forvaltningshovudstaden i Noreg, med sterke fagmiljø innan fiskeri, havbruk, forsking og marin forvaltning. Fylket vårt husar mellom anna Fiskeridirektoratet og Havforskningsinstituttet, og staten har planlagt store investeringar for å samlokalisere desse miljøa på Dokken. Fylkestinget meiner at eventuelle organisatoriske endringar i havbruksforvaltninga må byggje vidare på dei eksisterande kompetanse- og fagmiljøa i regionen. Ei oppsplitting eller flytting av sentrale funksjonar vil kunne svekkje samarbeidet, redusere gevinsten av staten sine investeringar på Dokken og medverke til å fragmentere den nasjonale marine forvaltninga. På denne bakgrunnen oppmodar Vestland fylkesting regjeringa om å sikre at nye eller reorganiserte statlege hav- og havbruksforvaltningsoppgåver vert lagde til Bergen og Vestland. Det er avgjerande å ivareta og styrkje Vestland og Bergen si rolle som nasjonalt havhovudsete og sikre framtidige statlege havarbeidsplassar i regionen. 1. Uttalen sendast til Regjeringen v/ Nærings- og Fiskeridepartementets leiing og Statsministeren sitt kontor, og sendast til næringskomiteens medlemmar på Stortinget. 2. Vestland fylkesting ber fylkesordføraren arbeide aktivt for at eventuelle nye eller reorganiserte statlege hav- og havbruksforvaltningsoppgåver vert lagde til Bergen og Vestland, og ta initiativ overfor regjeringa og Stortinget for å sikre og styrkje dei statlege hav- og fiskeriarbeidsplassane i fylket vårt.

    65 for · 0 mot · enstemmig

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.