Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Fråsegn: Vestlandet treng lågare drivstoffavgifter

PS 146/26 · Fylkestinget 29. september 2026 · Behandlet

Voteringer

  1. Vestlandet treng lågare drivstoffavgifterFalt

    Alternativforslag fra Frank Willy Pedersen Djuvik (Sp, FrP)

    Forslagsteksten

    Dei høge prisane på bensin og diesel rammar no både innbyggjarar og næringslivet hardt. For næringslivet i Vestland er dette særleg alvorleg. Vi er eit stort og langstrakt fylke der avstandane er lange, kollektivtilbodet varierer og store delar av verdiskapinga er knytt til næringar som framleis er avhengige av diesel og andre fossile drivstoff. Transportnæringa, fiskeri og sjømat, landbruket, bygg- og anleggsnæringa og sjøfarten er sentrale næringar for Vestland. For desse verksemdene er ikkje fossilt drivstoff eit valfritt forbruk, men ein heilt nødvendig innsatsfaktor. Når drivstoffprisane aukar kraftig, aukar kostnadene direkte. Dette svekkjer konkurransekrafta, pressar marginane og vil gje auka prisar også for andre varer for både næringsliv og forbrukarar. Stortinget vedtok tidlegare i år mellombelse reduksjonar i drivstoffavgiftene. Desse kutta opphøyrde 1. september. For bensin og diesel innebar det ein kraftig auke i avgiftsbelastninga, samtidig som avgiftene også steig for mellom anna anleggsdiesel, sjøfart og fiskeri. Vestland fylkesting meiner situasjonen krev handling frå regjeringa. Når ekstraordinært høge drivstoffprisar rammar hushaldningar og næringsliv, må staten vere villig til å redusere avgiftsbelastninga. Det er særleg viktig for eit eksport- og verdiskapingsfylke som Vestland. Vestland fylkesting meiner at regjeringa snarast må leggje fram tiltak som reduserer drivstoffavgiftene og dermed kostnadene for innbyggjarar og næringsliv. Vestland fylkesting ber regjeringa fremje forslag om; 1. Reduserte avgifter på bensin og diesel 2. Særlege avgiftslettar for næringar som er sterkt avhengige av drivstoff, mellom anna transport, fiskeri, sjøfart, landbruk og bygg- og anleggssektoren 3. Tiltak som sikrar konkurransekraft, arbeidsplassar og verdiskaping i distrikts-Norge, herunder å stoppe opptrappingsplanen for CO2-avgifta

    24 for · 41 mot

    • FrP 9 for
    • Sp 7 for
    • Uavh. 3 for
    • R 2 for
    • Bergenslisten 1 for
    • INP 1 for
    • PP 1 for
    • KrF 3 mot
    • MDG 3 mot
    • V 3 mot
    • SV 5 mot
    • A 12 mot
    • H 15 mot

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.