Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Fråsegn: Nei til svekking av lærar- og barnehagelærarutdanningane i Sogndal og på Stord

PS 145/26 · Fylkestinget 29. september 2026 · Behandlet

Voteringer

  1. Fråsegn: Nei til svekking av lærar- og barnehagelærarutdanningane i Sogndal og på StordVedtatt

    Alternativforslag fra Hege Lothe (SV)

    Forslagsteksten

    Nei til svekking av lærar- og barnehagelærarutdanningane i Sogndal og på Stord Styret for Høgskulen på Vestlandet skal i oktober vedta ny dimensjonering og finansiering av studietilbodet. Fylkestinget i Vestland er sterkt uroa for at framlegget vil svekkja lærar- og barnehagelærarutdanningane i Sogndal og på Stord. Fylkestinget ser det som alvorleg at Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett i si eiga konsekvensvurdering peikar på at dei føreslegne omdisponeringane ikkje kan gjennomførast utan at fagmiljøa vert råka så hardt at det i realiteten inneber ei nedbygging. Desse fagmiljøa har ei avgjerande rolle i utdanninga av framtidige lærarar og barnehagelærarar i Vestland. Dei sikrar forskingsbasert kunnskap og kompetanse, mellom anna om nynorsk språk, litteratur og didaktikk. Den geografiske fordelinga av lærar- og barnehagelærarutdanningane i Sogndal og på Stord er òg avgjerande for å utdanna og rekruttera kvalifisert arbeidskraft til skular og barnehagar i heile fylket. Fylkestinget ber høgskulestyret om å ikkje gjennomføra endringar i dimensjonering og finansiering som fører til ei vesentleg svekking av lærar- og barnehagelærarutdanningane i Sogndal og på Stord. Fylkestinget ber styret leggja vekt på høgskulen sitt samfunnsoppdrag, behovet for lærarar og barnehagelærarar i heile Vestland og ansvaret for å oppretthalda sterke og berekraftige fagmiljø på begge campusane. Hege Lothe og Alexander Papas, SV Fråsegna vert sendt til Høgskulen på Vestlandet

    63 for · 2 mot

    • H 15 for
    • A 12 for
    • FrP 9 for
    • Sp 7 for
    • SV 5 for
    • MDG 3 for
    • Uavh. 3 for
    • V 3 for
    • R 2 for
    • Bergenslisten 1 for
    • INP 1 for
    • PP 1 for
    • KrF 1 for / 2 mot

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.