Fråsegn: Ta nynorsken tilbake, Wattn!
Voteringer
- Ta nynorsken tilbake, Wattn!Falt
Alternativforslag fra Hege Lothe (Sp, A, SV, V)
Forslagsteksten
Ta nynorsken tilbake, Wattn! Fylkestinget i Vestland bed Wattn om ta nynorsken tilbake. Wattn er eit selskap med sterke røter på Nord-Vestlandet og med over 100 000 kundar. Selskapet er eigd av kraftselskap som igjen i hovudsak er eigde av nynorskkommunar. For oss som er eigar i eitt av desse kraftselskapa, er det viktig at Wattn er med og tek vare på den språklege identiteten vår, og at dei viser at nynorsk høyrer heime i næringslivet. Det har Wattn tidlegare vist at er fullt mogleg, og me meiner at nynorsk er ein styrke for Wattn. Det er overraskande at Wattn har valt å fjerne nynorsk som språkval i appen og har gått over til bokmål i kommunikasjonen sin. Mange kundar kan ikkje lenger møte tenestene på sitt eige språk. At Wattn har nasjonale ambisjonar, bør ikkje stå i vegen for å ta vare på nynorsken. Tvert imot bør eit selskap som ynskjer å vekse nasjonalt, kunne vise at det er mogleg å vere ein nasjonal aktør som står støtt med røtene planta der ein kjem ifrå. Wattn må vere eit selskap som kundane kjenner seg att i. Då må nynorsk vere ein naturleg del av kommunikasjonen med kundane. Hege Lothe, SV og Alexander Fosse Andersen, Sp Fråsegna vert sendt til Wattn.
39 for · 26 mot
- A 12 for
- Sp 7 for
- SV 5 for
- KrF 3 for
- MDG 3 for
- Uavh. 3 for
- V 3 for
- R 2 for
- PP 1 for
- Bergenslisten 1 mot
- INP 1 mot
- FrP 9 mot
- H 15 mot
Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.