Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Ferje Hordaland 2030 - mandat for konkurranseutsetting

PS 125/26 · Fylkestinget 29. september 2026 · Behandlet

Innstilling

Forslaget til vedtak. Portalen publiserer ikke det endelige vedtaket for seg – se voteringene nedenfor for hva som ble vedtatt.

Innstilling frå fylkesutvalet 23.09.2026

1. Fylkestinget har ein ambisjon om å utvide ferjetilbudet med fleire avgangar og betre samsvar mellom tilbod og etterspurnad. Folk og næringsliv i Vestland er avhengig av eit godt og føreseieleg fergetilbod som svarar på etterspurnaden, slik dei tidlegare sakene har teke føre seg. Det er ein krevjande økonomisk situasjon i Vestland fylkeskommune i åra framover med dei auka kostnadane for fergetransport. Fylkestinget ber fylkesdirektør sjå på kva behov som skal realiserast i nye kontraktar og finne nye løysingar for å nå ambisjonen om betre samsvar mellom tilbod og etterspurnad.

2. Fylkestinget ber fylkesdirektør sjå på korleis anboda er konstruert. Dette for å få meir fleksible anbod som kan tilpasse tilbodet til etterspurnaden i løpet av kontraktsperioden, og korleis andre grep kan betre økonomien i fergedrifta. Fylkesdirektør må og sjå på korleis eigarskapen av fergemateriell kan bidra til betre materiellutnytting.

3. Ein utsetjing av konkurransen vil ha betydning for framdrift for dei nye kontraktane. For å sikre eksisterande tilbod får fylkesdirektøren fullmakt til å inngå avtale med dagens operatørar om forlenging av gjeldande kontraktar fram til tidspunkt det er realistisk å starte opp nye kontraktar. Ny konkurranse vert lyst ut seinast i fylkestinget i mars 2027.

4. Fylkestinget ber fylkesdirektør innarbeide korleis ein kan budsjettere med og finansiere auka ruteproduksjon i framtida. Her skal fylkesdirektør og foreslå måtar å auke inntektene i fergedriften på, kor dette er mogleg.

5. Fylkestinget ber fylkesordførar om å synleggjere for staten kva dei reelle kostnadane med ferjedrifta og kollektiv i Vestland er, slik at fylkeskommunen får dekka det reelle finansieringsbehovet.

6. Fylkestinget syner og til at endra kostnadar i fergeanboda kan endre grunnlaget i inntektssystemet som ligg til grunn for berekning av fergenøklane, og ber om at dette vert utgreidd nærare, gjerne gjennom dialog med departementet.

Voteringer

  1. InnstillingFalt

    0 for · 65 mot

  2. Alternativt heilskapleg forslag ferge Hordaland 2030Falt

    35 for · 0 mot · enstemmig

  3. Fylkesdirektør sitt alternativt framlegg, med justeringarFalt

    30 for · 0 mot · enstemmig

  4. Sak om ferjekai på VaraldsøyVedtatt

    60 for · 5 mot

    • H 15 for
    • A 12 for
    • FrP 9 for
    • Sp 7 for
    • KrF 3 for
    • MDG 3 for
    • Uavh. 3 for
    • V 3 for
    • R 2 for
    • Bergenslisten 1 for
    • INP 1 for
    • PP 1 for
    • SV 5 mot

Andre behandlinger

  • 23. sep. 2026 Fylkesutvalet: Ferje Hordaland 2030 - mandat for konkurranseutsetting
  • 15. sep. 2026 Hovudutval for samferdsel og mobilitet: Ferje Hordaland 2030 - mandat for konkurranseutsetting

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.