Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Retningslinjer for straksinnløsning

PS 139/26 · Fylkestinget 29. september 2026 · Behandlet

Vedtak

Vedtatt som innstilt.

Innstilling frå fylkesutvalet 23.09.2026

1. Fylkestinget vedtek felles retningslinjer for straksinnløysing av bustader som vert råka av fylkeskommunale samferdsels- og infrastrukturtiltak

2. Retningslinjene erstattar tidlegare retningslinjer og praksis frå Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

3. Straksinnløysing kan gjennomførast etter minneleg avtale når alle desse vilkåra er oppfylte:

a. Det ligg føre endeleg vedteken reguleringsplan for eit fylkeskommunalt samferdsels- eller infrastrukturtiltak.

b. Bustaden må vere kryssa ut i plankartet, eller på annan eintydig måte vere vist i reguleringsplanen som føresett innløyst eller riven som følgje av tiltaket.

c. Eigedomen er erverva, oppført eller overteken av eigaren før den reguleringsplanen som utløyser behovet for innløysing, vart endeleg vedteken.

d. Bustaden har vore nytta av eigaren sjølv som heilårsbustad i minst eitt samanhengande år i løpet av dei to siste åra før krav om straksinnløysing vert sett fram.

4. Fylkesdirektøren, eller den fylkesdirektøren har delegert mynde til, kan i særlege tilfelle fråvike eitt eller fleire av vilkåra i punkt 3 dersom eigaren dokumenterer tungtvegande personlege grunnar, og straksinnløysing etter ei konkret heilskapsvurdering er klart i tråd med føremålet med ordninga. Unntaksadgangen skal praktiserast restriktivt.

5. Ordninga gjeld berre for bustader der eigaren eig bustaden eller eigedomen direkte. Ordninga gjeld ikkje for fritidsbustader, sekundærbustader, utleigebustader eller burettslagsandelar.

6. Bustad som vert straksinnløyst, skal erstattast etter den marknadsverdien bustaden ville hatt dersom han ikkje var føresett innløyst eller riven som følgje av tiltaket.

7. Dersom partane ikkje vert samde om vederlaget for straksinnløysinga, kan kvar av partane krevje at vederlaget vert fastsett ved avtaleskjønn. Dersom partane ikkje vert samde om straksinnløysing, og det ikkje vert framsett krav om avtaleskjønn, vert eigedomen handtert i ordinær grunnervervsprosess når fylkeskommunen har behov for eigedomen til gjennomføring av tiltaket.

8. Fylkesdirektøren får mynde til å praktisere retningslinjene, handsame krav om straksinnløysing og inngå avtalar om innløysing. Fylkesdirektøren kan delegere mynde vidare internt i administrasjonen.

9. Retningslinjene gjeld frå det tidspunktet fylkestinget sitt vedtak er endeleg.

Voteringer

  1. InnstillingVedtatt

    64 for · 0 mot · enstemmig

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.