Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Delegering av mynde til å fatte ekspropriasjonsvedtak for Bybanen utbygging

PS 137/26 · Fylkestinget 29. september 2026 · Behandlet

Vedtak

Vedtatt som innstilt.

Innstilling frå fylkesutvalet 23.09.2026

1. Fylkestinget delegerer til fylkesdirektøren mynde til å fatte vedtak om ekspropriasjon som er naudsynt for gjennomføring av vedtekne reguleringsplanar for Bybanen i Bergen, med tilhøyrande tiltak, med heimel i plan- og bygningslova § 16-11 tredje ledd, jf. andre ledd andre punktum, jf. § 16-2.

2. Delegeringa gjeld berre der ekspropriasjon skjer til gjennomføring av vedteken reguleringsplan, og der dei materielle vilkåra for ekspropriasjon er oppfylte, inkludert kravet om at inngrepet utan tvil er meir til gagn enn skade, jf. oreigningslova § 2 andre ledd.

3. Delegeringa omfattar også mynde til å ta stilling til om det skal søkjast om førehandstiltreding etter oreigningslova § 25, der dette er naudsynt for framdrifta i prosjektet.

4. Fylkesdirektøren kan delegere mynde vidare internt i administrasjonen i samsvar med kommunelova og den ulovfesta delegasjonslæra.

5. Saker som etter ei konkret vurdering er av prinsipiell betydning, skal leggjast fram for politisk handsaming.

6. Fylkestinget legg til grunn at delegeringa gjeld administrative gjennomføringsvedtak innanfor ramma av politisk vedtekne reguleringsplanar, og at dei prinsipielle areal- og prosjektavklaringane allereie er gjorde gjennom planvedtaka.

Voteringer

  1. InnstillingVedtatt

    53 for · 12 mot

    • H 15 for
    • A 12 for
    • Sp 7 for
    • SV 5 for
    • KrF 3 for
    • MDG 3 for
    • V 3 for
    • R 2 for
    • Bergenslisten 1 for
    • PP 1 for
    • INP 1 mot
    • Uavh. 1 for / 2 mot
    • FrP 9 mot

Andre behandlinger

  • 23. sep. 2026 Fylkesutvalet: Delegering av mynde til å fatte ekspropriasjonsvedtak for Bybanen utbygging
  • 15. sep. 2026 Hovudutval for samferdsel og mobilitet: Delegering av mynde til å fatte ekspropriasjonsvedtak for Bybanen utbygging

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.