Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Val av lokasjon for Fagskulen i Vestland si eining i Bergen

PS 136/26 · Fylkestinget 29. september 2026 · Behandlet

Vedtak

Vedtatt som innstilt.

Innstilling frå fylkesutvalet 23.09.2026

1. Nytt undervisningsbygg for Fagskulen Vestland si eining i Bergen skal lokaliserast på Høgskulen på Vestlandet si tomt på Kronstad dersom det blir skrifteleg avklare at fylkeskommunen får kjøpa eller festa tomta til ein akseptabel kostnad innan 31.12.2026.

2. Dersom kjøp av tomt på Kronstad ikkje er avklart skrifteleg innan 31.12.2026, så blir nytt bygg for fagskule etablert ved Åstad vgs på tomta for det utrangerte C-bygget.

3. Innleiande arbeid knytt til reguleringsplan blir utført for både for tomt på Kronstad og på Årstad hausten 2026, for å sikra naudsynt framdrift for nytt skulebygg for fagskulen.

4. Uavhengig av lokasjon for fagskulen, så vert det planlagt for ein basketballhall for å etablera naudsynt kroppsøvingsareal for Årstad vgs. Dialogen med Bergen kommune, Krohnsminde-alliansen og Vestland idrettskrets blir vidareført hausten 2026 for å avklare om partane kan forplikte seg til leigeavtalar som gjev grunnlag for eit utvida idrettsareal knytt til ny basketballhall.

5. Dersom fagskulen blir lokalisert på Kronstad, så vil fylkesdirektør komme tilbake med ei eiga sak på korleis tomtearealet til C-bygget kan nyttast til å utvida tilbodet på Årstad vgs og ev. andre tenester.

Voteringer

  1. InnstillingVedtatt

    65 for · 0 mot · enstemmig

Andre behandlinger

  • 23. sep. 2026 Fylkesutvalet: Val av lokasjon for Fagskulen i Vestland si eining i Bergen
  • 17. sep. 2026 Hovudutval for opplæring, kompetanse og tannhelse: Val av lokasjon for Fagskulen i Vestland si eining i Bergen

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.