Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Utviklings- og omstillingsarbeid Stord/Sunnhordland

PS 135/26 · Fylkestinget 29. september 2026 · Behandlet

Innstilling

Forslaget til vedtak. Portalen publiserer ikke det endelige vedtaket for seg – se voteringene nedenfor for hva som ble vedtatt.

Innstilling frå fylkesutvalet 23.09.2026

Tiltak og fråsegn Stord/Sunnhordland

1. Fylkestinget konstaterer at Stord/Sunnhordland står i ein svært krevjande situasjon som følgje av svikt i oppdrag til verftsindustrien og underleverandørar.

2. Fylkeskommunen arbeider vidare med både økonomisk og fagleg støtte til utviklings- og omstillingsarbeid i regionen.

3. Fylkeskommunen skal ha eit sterkt engasjement retta mot statlege styresmakter, om statlege omstillingsmidlar og gode rammevilkår for relevante næringar som er under utvikling og omstilling.

4. Fylkestinget sender slik fråsegn til statlege styresmakter: .....................................(vert utforma fram mot fylkestinget).

Voteringer

  1. Innstillinga unnateke punkt 4Vedtatt

    65 for · 0 mot · enstemmig

  2. Uttale i pkt. 4Falt

    Alternativforslag fra Marius Hellan Hindenes (MDG, V)

    Forslagsteksten

    4. Fylkestinget sender slik fråsegn til statlege styresmaker: Fråsegn frå Vestland fylkeskommune til Regjeringa v/Nærings- og fiskeridepartementet og Energidepartementet. Stord og Sunnhordland står i ein svært krevjande situasjon som følgje av utviklinga i verfts- og offshoreindustrien. Store petroleumsretta prosjekt er no i ferd med å bli avslutta, medan nye oppdrag ikkje kjem raskt nok til å erstatta dei. Denne store svikten i verftsindustrien vil ramma underleverandørar og tenesteytande næringar og føra til redusert verdiskaping og tap av arbeidsplassar. Eit fall i sysselsetjinga vil gje store ringverknader i heile Vestland. Aker Solutions har hatt 2000 faste og 9000 innleigde arbeidarar, og kjøpt regionale tenester for om lag 4 milliardar kroner. No vert dei store oppdraga avslutta utan nye i sikte. Ei sannsynleg nedbemanning vil difor råka underleverandørar og samfunnet rundt svært hardt. Vestland fylkeskommune arbeider vidare med tiltak i eigen regi og i samarbeid med Stord kommune, Sunnhordlandsegionen og aktuelle aktørar. Norsk maritim kompetanse og teknologi blir ein viktig del av den grøne omstillinga, både nasjonalt og internasjonalt, men det krev at det faktisk kjem prosjekt og oppdrag som gjer det mogleg for norsk industri å byggja kompetanse og produksjonskapasitet. Leverandørindustrien har og utvikla løysingar for havbruksnæringa. Ein må leggje til rette for at vår leverandørindustri vidare kan bidra til vekst, verdiskaping og bærekraft i havbruksnæringa for framtida. For å sikre tryggleiken til verftsindustrien, underleverandørar og næringsliv i Sunnhordland, må staten sikre framtidige oppdrag for verfta. Dette opnar for ei stor moglegheit til å både løfte auka fornybar energiproduksjon, og gje oppdrag til verft som allereie er klare til å løfte havvindsatsinga vidare. Staten må og sikre at vidareutvikling av norsk offshoreaktivitet kjem norsk leverandørindustri til gode, for å sikre oppdrag for framtida. Vestland fylkesting ser det som heilt nødvendig med eit sterkt statleg engasjement for tiltak som sikrar oppdrag, omstilling og grunnlag for berekraftig næringsvekst i åra framover. Vestland fylkesting ber staten om: • Statlege omstillingsmidlar til Stord/Sunnhordland på statsbudsjettet for 2027 • Investeringsmidlar som sikrar infrastruktur for energiforsyning og transport • Handlingsrom for rask omstilling blant anna gjennom innovative kontraktar • At NFD spelar ei aktiv rolle i å arbeida for at den unike verftskompetansen på Stord kan gje Stord nye relaterte oppdrag. • At staten sikrar at ved eventuell utbygging av norsk havvind, skal dette bidra til fleire oppdrag til verftsindustrien og øvrig leverandørindustri. • At staten legg til rette for at framtidig havaktivitet i størst mogleg grad gjev ringverknader for norsk leverandørindustri, norske verft og arbeidsplassar langs kysten.

    11 for · 54 mot

    • SV 5 for
    • MDG 3 for
    • V 3 for
    • Bergenslisten 1 mot
    • INP 1 mot
    • PP 1 mot
    • R 2 mot
    • KrF 3 mot
    • Uavh. 3 mot
    • Sp 7 mot
    • FrP 9 mot
    • A 12 mot
    • H 15 mot
  3. Uttale frå Vestland fylkestingFalt

    Alternativforslag fra Jeanette Onarheim Syversen (R, Uavh.)

    Forslagsteksten

    Vestland fylkesting viser til ringverknadsanalysen som syner at verftsindustrien i Sunnhordland har vore avgjerande for sysselsetjinga i regionen, men at næringa samtidig er sårbar for svingningar i oljeprisen og for korleis store prosjekt blir organiserte i tid. Situasjonen i Sunnhordland syner at når prosjekt med høg innleigegrad blir starta opp og ferdigstilles samla, oppstår det eit kraftig fall i ordretilgangen og fare for oppsigingar og tap av fagkompetanse kort tid etter. Staten og næringslivet kan i større grad samordne investeringane og fordele prosjekta over tid, slik at vedlikehald, oppgraderingar og nybygg planlegges for å gi ei jamnare arbeidsmengde. Det offentlege må nytte innkjøpsmakta si aktivt: anbod bør innrettast slik at det tilfell norsk verftsindustri fordelar, framfor å overlate dette åleine til den globale marknaden. Skal vi sikre Sunnhordlandregionen meir stabile arbeidsplassar, må vi gå frå ein politikk der verfta er avhengige av konjunkturane i oljeindustrien, til ein meir langsiktig og forutsigbar industripolitikk som sikrar norske verft jamn tilgang på oppdrag, trygge arbeidsplassar og bevaring av fagkompetanse. Staten må ta eit større ansvar for å planlegge offentlege investeringar og legge til rette for industridiversitet i regionar med einsidig næringsstruktur, slik at verftsindustrien og kommunane som er avhengige av den, ikkje held fram med å vere sårbare for svingningane i olje- og gassnæringa. Vestland fylkeesting vil sjå på korleis fylkeskommunen sin eigen verksemd ved innkjøp, byggje- og anleggsoppdrag og bestillingar av fartøy, kan komme verftsindustrien i Sunnhordland til nytte. Ei meir langsiktig og forutsigbar industriplanlegging vil samtidig gi større potensial for å sikre og utvide lærlingplassar i næringa, og dermed bidra til å bevare fagkompetansen regionen er avhengig av. Sendast til relevante statsrådar/departement (m.a. Nærings- og fiskeridepartementet) og relevante komitear på Stortinget (m.a. næringskomiteen)

    7 for · 58 mot

    • Uavh. 3 for
    • R 2 for
    • INP 1 for
    • PP 1 for
    • Bergenslisten 1 mot
    • KrF 3 mot
    • MDG 3 mot
    • V 3 mot
    • SV 5 mot
    • Sp 7 mot
    • FrP 9 mot
    • A 12 mot
    • H 15 mot
  4. Uttale i pkt. 4Vedtatt

    Forslag fra Stian Jean Opedal Davies (Bergenslisten, H, Sp, A, FrP, SV, Uavh., KrF)

    Forslagsteksten

    4. Fylkestinget sender slik fråsegn til statlege styresmaker: Fråsegn frå Vestland fylkeskommune til Regjeringa v/Nærings- og fiskeridepartementet og Energidepartementet. Stord og Sunnhordland står i ein svært krevjande situasjon som følgje av utviklinga i verfts- og offshoreindustrien. Store petroleumsretta prosjekt er no i ferd med å bli avslutta, medan nye oppdrag ikkje kjem raskt nok til å erstatta dei. Denne store svikten i verftsindustrien vil ramma underleverandørar og tenesteytande næringar og føra til redusert verdiskaping og tap av arbeidsplassar. Eit fall i sysselsetjinga vil gje store ringverknader i heile Vestland. Aker Solutions har hatt 2000 faste og 9000 innleigde arbeidarar, og kjøpt regionale tenester for om lag 4 milliardar kroner. No vert dei store oppdraga avslutta utan nye i sikte. Ei sannsynleg nedbemanning vil difor råka underleverandørar og samfunnet rundt svært hardt. Vestland fylkeskommune arbeider vidare med tiltak i eigen regi og i samarbeid med Stord kommune, Sunnhordlandsegionen og aktuelle aktørar. Norsk maritim kompetanse og teknologi blir ein viktig del av den grøne omstillinga, både nasjonalt og internasjonalt, men det krev at det faktisk kjem prosjekt og oppdrag som gjer det mogleg for norsk industri å byggja kompetanse og produksjonskapasitet. Leverandørindustrien har og utvikla løysingar for havbruksnæringa. Ein må leggje til rette for at vår leverandørindustri vidare kan bidra til vekst, verdiskaping og bærekraft i havbruksnæringa for framtida. For å sikre tryggleiken til verftsindustrien, underleverandørar og næringsliv i Sunnhordland, må staten sikre framtidige oppdrag for verfta. Dette opnar for ei stor moglegheit til å både løfte auka fornybar energiproduksjon, og gje oppdrag til verft som allereie er klare til å løfte havvindsatsinga vidare. Staten må og sikre at vidareutvikling av norsk petroleumsindustri kjem norsk leverandørindustri til gode, for å sikre oppdrag for framtida. Vestland fylkesting ser det som heilt nødvendig med eit sterkt statleg engasjement for tiltak som sikrar oppdrag, omstilling og grunnlag for berekraftig næringsvekst i åra framover. Vestland fylkesting ber staten om: • Statlege omstillingsmidlar til Stord/Sunnhordland på statsbudsjettet for 2027 • Investeringsmidlar som sikrar infrastruktur for energiforsyning og transport • Handlingsrom for rask omstilling blant anna gjennom innovative kontraktar • At NFD spelar ei aktiv rolle i å arbeida for at den unike verftskompetansen på Stord kan gje Stord nye relaterte oppdrag. • At staten sikrar at ved eventuell utbygging av norsk havvind, skal dette bidra til fleire oppdrag til verftsindustrien og øvrig leverandørindustri. • At staten legg til rette for at framtidig havaktivitet i størst mogleg grad gjev ringverknader for norsk leverandørindustri, norske verft og arbeidsplassar langs kysten.

    59 for · 6 mot

    • H 15 for
    • A 12 for
    • FrP 9 for
    • Sp 7 for
    • SV 5 for
    • KrF 3 for
    • Uavh. 3 for
    • V 3 for
    • Bergenslisten 1 for
    • PP 1 for
    • INP 1 mot
    • R 2 mot
    • MDG 3 mot
  5. DatasenterFalt

    Tilleggsforslag fra Jeanette Onarheim Syversen (R)

    Forslagsteksten

    Vestland fylkesting vil òg utrykke uro for vilkåra for kraftforsyning i regionen. Kraftkrevjande datasenter blir i dag bygde ut utan noka form for konsesjonsprosess som veg dette kraftbehovet mot andre samfunnsinteresser. I Sunnhordland er dette allereie ei aktuell utfordring: eit datasenter på Husnes i Kvinnherad er no planlagt med driftsstart i 2028. Utan konsesjonsplikt for datasenter risikerer regionen at kraft som er nødvendig for eksisterande industri og for omstillinga av verftsindustrien, i stedet blir bunden opp av nye, kraftkrevjande etableringar utan tilsvarande samfunnsnytte. Vestland fylkesting krev at Staten innfører konsesjonsplikt for datasenter sitt kraftforbruk, slik at kraft blir prioritert ut frå samfunnsmessig nytte.

    14 for · 51 mot

    • SV 5 for
    • MDG 3 for
    • Uavh. 3 for
    • R 2 for
    • INP 1 for
    • Bergenslisten 1 mot
    • PP 1 mot
    • KrF 3 mot
    • V 3 mot
    • Sp 7 mot
    • FrP 9 mot
    • A 12 mot
    • H 15 mot

Andre behandlinger

  • 23. sep. 2026 Fylkesutvalet: Utviklings- og omstillingsarbeid Stord/Sunnhordland
  • 15. sep. 2026 Hovudutval for næring: Utviklings- og omstillingsarbeid Stord/Sunnhordland

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.