Hopp til innhold
Lørdag 31. oktober 2026Verv, interesser og penger rundt politikerne


Fylkene · Vestland · Saker

Distriktsmusikarordninga - vidare innretning

PS 117/26 · Fylkestinget 29. september 2026 · Behandlet

Vedtak

Vedtatt som innstilt.

Innstilling frå fylkesutvalet 23.09.2026

1.Fylkestinget tek evalueringsrapporten frå Telemarksforsking om distriktsmusikarordninga i Vestland til vitende.

2.Distriktsmusikarordninga skal vidareutviklast som ein integrert del av fylkeskommunen sitt samla arbeid for å styrke det profesjonelle musikkfeltet i Vestland, med mål om å sikre tilgang til profesjonelle musikktenester for innbyggjarar i heile fylket.

3.Organiseringa og finansieringsmodellen for distriktsmusikarordninga vert reviderte i tråd med følgjande:

·Geografisk balanse skal leggjast til grunn ved revisjon og vidare utvikling av ordninga, og tilgangen for kommunar som i dag har avgrensa nytte av ordninga skal styrkjast.

·Fylkeskvoten skal reviderast for å gjere tilbodet meir tilgjengeleg for kommunar, arrangørar og aktørar i heile fylket.

·Det skal vurderast om delar av midlane i ordninga kan leggjast om til søkbare prosjektmidlar.

·Vertskommunane skal få eit tydelegare regionalt koordineringsansvar, og ansvar for å gjere ordninga tilgjengeleg for kommunar og aktørar i heile fylket.

·Marknadsføringa av ordninga skal styrkjast i samarbeid mellom fylkeskommunen og vertskommunane.

4.Vidareutvikling av ordninga skal gjerast i dialog med vertskommunane og andre relevante aktørar, og samarbeidsavtalane med vertskommunane skal reviderast i samsvar med dei nye rollene og forventingane. Det er viktig at også kommunane som ikkje er vertskommunar vert involvert i vidareutviklinga av ordninga, for å sikre reell regional effekt av distriktsmusikarordninga.

5. Hovudutval for kultur, idrett og inkludering skal jamleg haldast orientert om korleis vidareutviklinga av distriktsmusikarordninga skjer i tråd med saka her. KULII får ei sak om dette våren 2027.

Voteringer

  1. InnstillingVedtatt

    53 for · 0 mot · enstemmig

  2. Alternativt framlegg FrPFalt

    10 for · 0 mot · enstemmig

Andre behandlinger

  • 23. sep. 2026 Fylkesutvalet: Distriktsmusikarordninga - vidare innretning
  • 15. sep. 2026 Hovudutval for kultur, idrett og inkludering: Distriktsmusikarordninga - vidare innretning

Kilde: fylkeskommunens møteportal (DigDem), saken hos fylkeskommunen ↗, hentet 31. oktober 2026. Portalen viser resultatet per parti, ikke hvem som stemte hva.